6. MIDT I HISTORIA


6. MIDT I HISTORIA

Historie er meir enn det som er skjedd før. Historia set dagen i dag i relieff, og ho fortel oss noko om kvar vi høyrer heime. Såleis har kunnskapen om fortida også relevans og ein praktisk nytteverdi både for dagens aktørar innan dei prosessane vi studerer, og for dei som på ulike måtar freistar å analysere og forstå. Dette gjeld ikkje minst ved studium av politikk overfor styringssystemet: Om vi ikkje maktar å tileigne oss det perspektivet som tida gjev, tapar vi ein heilt sentral dimensjon. Historia syner oss kva som er varige trekk, kva som har vore prøvd før, og kva som er prinsipielt nytt. Ho kan såleis vere ei kjelde til inspirasjon og refleksjon i førekant av nye politiske vegval, og syne korleis fortid, samtid og framtid går inn i ein større samanheng. Vi er midt i historia. Skal ein byggje truverdige scenario, er det difor heilt avgjerande at vi tek lang sats, eller for å nytte ein annan metafor: Eit framtidsstudium krev at vi vender andletet bakover.

Det fell utanfor rammene for denne rapporten å byggje heilskapelege scenario om det lokale og det regionale styringsverkets utforming, funksjonar og verdibasis i åra som kjem, men vonleg kan einskilde av observasjonane og analysane danne grunnlag for og inspirere til utvikling av slike scenario.

Mykje tyder på at vi er inne i ein spesielt formativ periode når det gjeld politikk og strategiar overfor det lokale og det regionale styringsverket. I gjennomgangen av dei permanente spenningane og dei gjennomgåande temaa (kapittel 2), peikte vi ut fleire trekk ved dagens politikk som i eit hundreårig perspektiv indikerer eit ideologisk brot med fortida. Den genuine tiltrua til det kommunale sjølvstyret synest vere på eit historisk lågmål, ynsket om å nytte den lokalpolitiske handlefridomen som ei progressiv kraft har minska, lekmannsverdiane synest vere kraftig på retur, og dei horisontale styringsstrategiane har òg tapt mykje av den gamle krafta. Samstundes synest idérikdomen og kreativiteten å vere større enn nokon gong, og mange gjev uttrykk for ein dragnad mot «noko fundamentalt nytt». Løysingane frå det 20. hundreåret synest ikkje halde mål lenger i eit internasjonalisert og høgteknologisk kunnskapssamfunn. Alt står tilsynelatande ope for debatt, og ei rekkje ulike løysingar vert lanserte. Om eit par tiår frå i dag kan det lokale og det regionale styringsverket difor vere fundamentalt annleis enn det vi har i dag. Det kan ha store konsekvensar for demokratiet, for politikken, for maktfordelinga, og for tilhøvet mellom einskildmennesket og kollektivet.


Publisert 25. nov. 2010 13:52