English version of this page

Hvorfor velge teknologi, innovasjon og kultur

Bildet kan inneholde: ansikt, hud, skjønnhet, hode, øyevipper.

Om TIK

TIK Senter for teknologi, innovasjon og kultur (TIK) er eit internasjonalt leiande forskingsmiljø som adresserer dagsaktuelle problemstillingar knytt til temaområda innovasjon, vitskap, og teknologi. Forskinga vår ser på kva kunnskap tyder for samfunnsutviklinga.

 

TIK arbeider med forsking, undervisning og formidling innan fagfelta innovasjon og vitskap, teknologi og kultur. Begge kunnskapsfelta og samspelet mellom dei representrer store internasjonale fagmiljø som på ulike måtar forskar på ftilhøvet mellom samfunnet på den eine sida og forsking, teknologi og innovasjon på den andre. Forskarar ved TIK er spesielt opptekne av å forstå overgangar som «det grøne skifte» i energi, framveksten av ein «bioøkonomi» og endring i etablerte industriar, sektorar og område som til dømes helse, fornybar energi, avfall og digitalisering. 

 

Doktorgradskandidatar

Våre dokotrgradskandidatar kjem frå ei rekke kunnskapsfelt og fagmiljø. Dei inngår i forskingsnettverk med etablerte forskarar nasjonalt og internasjonalt. I løpet av doktorgradsperioden får dei erfaring frå forsking innanfor eige prosjekt, men har òg fokus på korleis arbeidet deira har ein direkte relevans for samfunnet. TIK- senteret legg vekt på at kandidatane skal kunne sette seg inn i og forstå forsking som ligg utanfor kandidaten sitt felt og kunne identifisere dei tilfella kor anna forsking kan være utfyllande eller komplementær til dei perspektiva kandidaten sjølv nyttar seg av.

Oppbygging og struktur

Publisert 29. okt. 2019 14:38 - Sist endret 18. nov. 2019 11:52