English version of this page

Skattelette skal få unge i arbeid

Gaute Torsvik og NFS-senteret ved Økonomisk institutt har vore med på å utvikle ei nytenkande forsøksordning som skal gjere det meir attraktivt for unge å jobbe.

Mann ved talerstol foran to store skjermer

Finansminister Jens Stoltenberg legg fram forslaget under regjeringa si pressekonferanse 27. mai. Skjermdump frå regjeringa.no.

Av Maria Høyvik
Publisert 6. juni 2025

– Regjeringa ynskjer å få fleire i arbeid og færre på trygd. Noreg manglar arbeidskraft og det er ein aukande andel unge som mottek arbeidsavklåringspengar eller uføretrygd, sa Jens Stoltenberg under ein pressekonferanse førre veke. 

Finansministeren la fram ei ny forsøksordning med arbeidsfrådrag for unge i alderen 20-35 år. Ordninga inneber redusert skatt på arbeidsinntekt og vil dermed gjere det meir økonomisk lønsamt å arbeide. 

Forslaget til forsøksordninga vart utarbeidd av ei forskargruppe beståande av mellom andre Gaute Torsvik ved NFS-senteret (Norwegian Fiscal Studies) ved Økonomisk institutt.

portrett av smilende mann
Gaute Torsvik.
Foto: UiO

– Det mest kontroversielle ved forslaget er at me føreslår at 100 000 unge vert tilfeldig trekte ut til å få arbeidsfrådraget, seier Torsvik.

– Ved tilfeldig tildeling veit me at alle andre forhold som påverkar arbeidstilbodet i gjennomsnitt er like mellom dei som får tiltaket og dei som ikkje får det. Dermed kan me få identifisert den kunnskapen me er ute etter, fortset han. 

Dei vil teste ulike variantar av frådraget – både med omsyn til storleiken på botnfrådraget og kor raskt det vert fasa inn. Gruppa som vert tilfeldig trekt kan få eit frådrag i den skattepliktige inntekta på inntil 125 000 kroner, noko som kan gje inntil 27 500 kroner i lågare skatt. Deretter vil ein følgje desse unge i 3-5 år.

– Vinsten ved å gjennomføre eit forsøk av denne typen er at me kan lære meir om korleis ulike grupper av unge arbeidstakarar – både dei som berre arbeider dersom dei får eit arbeidsfrådrag, og dei som ville ha arbeidd uansett – responderer på lønnsinsentiv. Dette gjev verdfull kunnskap for å utforme framtidige skatte- og stønadsordningar retta mot unge, forklarar Torsvik.

Frå Økonomisk institutt bidrog òg Morten Håvarstein og Magne Mogstad i forskargruppa. I tillegg var den samansett av Simon Bensnes, Øystein Hernæs, Simen Markussen og Oddbjørn Raaum – alle fire frå Frischsenteret ved UiO.

 

Publisert 6. juni 2025 11:41 - Sist endra 20. feb. 2026 13:42