English version of this page

Programråd

Senter for teknologi, innovasjon og kultur har to masterprogram og eitt ph.d.-program. Ved fakultetet blir det skipa til programråd for alle studietilbod som leier fram til ein grad.

Dei to masterprogramma ved TIK har eit felles programråd som blir leia av programrådsleiar med studiekonsulenten som sekretær. Det samfunnsvitskaplege fakultet har eit eige programråd for ph.d-programmet.

Programrådet er delegert det koordinerande ansvaret for studietilbodet ved TIK. Programrådet skal sjølv handsame dei faglege rammene, viktige prioriteringar og opplegg for kvalitetssikring og -utvikling av programma. Ut over dette kan eit programråd delegere sine oppgåver til programleiar. Avgjerder om den pågåande drift skal bli delegerte til programrådsleiar.

Programrådet for TIK- og ESST-programmene 2026

Publisert 15. okt. 2010 11:30 - Sist endret 5. okt. 2026 12:07