EuroTrans The Transformation and Sustainability of the European Political Order

Status
Avsluttet

Den europeiske unionen er med sitt fleirnivåstyre eit unikt politisk system. I EuroTrans-prosjektet spør vi: Korleis blir avgjerder tatt på EUs mange nivå? Er unionen demokratisk? Korleis endrar EU seg og kva er konsekvensane for borgarar og medlemsstatar?

Kontaktpersoner

Om prosjektet

Den tradisjonelle modellen for demokratisk styresett baserer seg på nasjonal kontroll og territoriell suverenitet. I Europa har dette vorte supplementert med former for overnasjonal styring, direkte deltaking og representasjon. EU er ein nyskapande orden med har svar på nokre av utfordringane nasjonalstatane står overfor.

På same tid bidreg EU til å reise spørsmål om korleis denne ordenen sikrar effektiv handling og demokratisk sjølvstyre i ei globalisert verd. EU sitt system for fleirnivåstyre, med sine lokale, nasjonale og overnasjonale element, representerer derfor eit eksperiment for forskning oppteken av demokratisk styre og endring.

Delprosjekter

Den administrativt-regulative dimensjonen

ARENA analyserer det særskilde institusjonelle oppsettet til den europeiske politiske ordenen, formene for beslutningstaking og desse si innflytelse i form av problemløysing.

ARENA fokuserer på:

  • framveksten av Europakommisjonen som ei autonom, utøvande makt
  • utviklinga av direktorat og tilsyn nasjonalt og på EU-nivå som del av ein ‘unionsadministrasjon’
  • den faktiske gjennomføringa og etterlevinga av EU-normer på nasjonalt nivå

Den konstitusjonelle-demokratiske dimensjonen

Framveksten av ein felles europeisk utanriks-, sikkerheits- og forsvarspolitikk har få, om nokon, historiske sidestykke.

ARENA si forsking på dette området fokuserer på:

  • strukturar for beslutningstaking innanfor det kompliserte institusjonelle nettverket som styrer dette politikkområdet
  • korleis politikkområdet skil seg frå den tradisjonelle forståinga av utanriks- og sikkerheitspolitikk
  • om vi er vitne til eit EU som ei ‘humanitær makt’ i internasjonal politikk

Den kognitivt-kulturelle dimensjonen

I studiet av eit ‘Kunnskapens Europa’ (Europe of Knowledge) ser ARENA på:

  • korleis ‘Kunnskapens Europa’ er forma og begrunna
  • kapasitetsutvikling, gjennom å studere dynamikken med hensyn til opprettinga av nye institusjonar på feltet
  • nøkkelmekanismane og implikasjonar for implementering av europeisk kunnskapspolitikk

Innanfor studiet av den europeiske ‘offentlege sfæra’ studerer ARENA endringar i form av:

  • legitimiteten til nye institusjonelle oppsett innanfor medieorganisasjonar og av journalistar
  • oppfatningar og det sivile samfunnet
  • mobilisering av borgarane si støtte eller motstand med hensyn til europeisk integrasjon

Den eksterne dimensjonen

EU vert ofte sagt å ha eit demokratisk underskot. Kan EU verte demokratisk? I tilfelle, kva form kan dette ta?

ARENA gjennomfører:

  • teoretisk forsking på moglegheita for demokrati utover nasjonalstaten;
  • institusjonelle analyser av konkrete tiltak som er tekne for å bøte på EU sitt demokratiske underskot
  • forsking på utviklinga av ein europeisk konstitusjonell orden, nye styringsformer, samt system for politisk representasjon innanfor ein union med fleirnivåstyre
  • samanlikningar av EU med andre relevante politiske einingar

Mål

ARENA studerer endring, dynamikk og bærekraft ved ein europeiske ordenen i utvikling.

  • Kva er hovudtrekka og nøkkelkomponentane til den framveksande ordenen?
  • Kva er implikasjonane for medlemsstatane sine styringsformer og for europeiske borgarar?
  • Kor robust er dette systemet, og kva er vilkåra for endring?
  • Korleis kan den fleirnivåkonstellasjonen som EU er vurderast med hensyn til demokrati og lovstyre?

Bakgrunn

EuroTrans (The Transformation and Sustainability of the European Political Order) er eit omfattande forskingsprosjekt finansiert av Norges Forskningsråd. Mesteparten av forskninga som går føre seg ved ARENA er integrert i dette prosjektet.

Deltakere

Finansiering

Støttet av Forskningsrådet
English version of this page
Publisert 25. aug. 2025 13:45 - Sist endret 28. apr. 2026 08:50