WaCoMacro WaCoMacro: lønnskontrakt og makroøkonomi

Varighet
01.08.2025–31.07.2029

Eit overordna mål for forsking på konjunktursyklar er å forstå forholdet mellom inflasjon og økonomien som heilskap. I dette forskingsprosjektet fokuserer vi på ein særskild dimensjon: kor viktig lønsfastsetjing er.

Bildet kan inneholde: tall.

Kontaktpersoner

Frå april 2021 til april 2024 har prisnivået auka med 17,6 prosent både i Euroområdet og i Noreg. Sentralbankar har svart på denne inflasjonsepisoden, og prisinflasjonen er no avtakande. Samstundes aukar lønsinflasjonen. Kva har dette å seie for dei økonomiske utsiktene til Noreg på kort og mellomlang sikt? Kva har det å seie for dine økonomiske utsikter?

Eit overordna mål for forsking på konjunktursyklar er å forstå forholdet mellom lønsinflasjon, prisinflasjon og økonomien som heilskap. Trass i omfattande forsking på dette feltet, er det framleis betydeleg usikkerheit rundt mange sider av dette forholdet. I dette forskingsprosjektet fokuserer vi på ein særskild dimensjon: kor viktig lønsfastsetjing er.

Vi gjer dette ved å utvikle nye teoretiske, makroøkonomiske rammeverk for lønsfastsetjing, rammeverk som er så detaljerte at dei kan samanliknast med faktiske data på individnivå, om løn og arbeidde timar. Samstundes arbeider vi med å avdekke empiriske fakta, ved hjelp av norsk administrativ data, om korleis løn vert fastsett, kor mykje folk arbeider, og korleis både løn og arbeidde timar vert påverka av inflasjon.

Gjennom å kombinere teoretisk utvikling med empiriske fakta, håpar vi å betre forståinga av dei økonomiske utsiktene, ikkje berre for økonomien som heilskap (til dømes Noreg), men òg for den mangfaldige gruppa individ som økonomien består av (til dømes deg!).

Deltakere

  • Bilde av Karl  Harmenberg
    Karl Harmenberg Universitetet i Oslo Prosjektleder
  • Erik Öberg Uppsala universitet Prosjektdeltaker
  • Maria Olsson BI Prosjektdeltaker

Publikasjoner

  • Harmenberg, Karl; Olsson, Maria Christina & Öberg, Erik (2026). Firm Market Power, Wage Rigidity and Demand-Determined Business Cycles. Fulltekst i vitenarkiv
  • Harmenberg, Karl; Öberg, Erik & Olsson, Maria Christina (2026). Wages and Hours Worked: Micro-Level Dynamics and Macroeconomic Implications. Fulltekst i vitenarkiv

Se alle arbeider i NVA

Finansiering

Støttet av Forskningsrådet

Prosjektnummer: 354541

Forskerprosjekt for tidlig karriere

English version of this page
Publisert 3. sep. 2025 14:24 - Sist endret 3. des. 2025 11:35