Koordinator

Synneva Geithus Laastad jobber som koordinator i Oslo Røde Kors

foto: privat

Eg har innsett at når ein ser litt større og overhengande på dei problemstillingane me jobbar med så er det plutseleg samfunnsgeografi, det òg! I bunn og grunn jobbar me med sosiale konsekvensar av ein delt by, og ujamn fordeling av ressursar, sier Synneva Geithus Laastad

Hvordan fikk du din nåværende jobb?

Eg søkte på eit vikariat som koordinator for ein av leksehjelpane til Røde Kors i Oslo. Her har eg vore frivillig sjølv, ein erfaring som eg trur hadde mykje å seia for at eg vart innkalla på intervju. Eg vart innstilt som nummer to til denne stillinga, men vart litt seinare tilbydd eit liknande vikariat, for nokre andre aktivitetar retta mot ungdom i Oslo.

Hva tror du var de viktigste faktorene for at nettopp du fikk jobben?

Eg trur den viktigaste faktoren til at eg fekk denne stillinga var at eg hadde relevant frivillig-erfaring frå Oslo Røde Kors. Dette gjorde at eg kunne skriva ein svært spissa søknad, då eg visste kva jobben ville gå i. Dette hjelpte meg også på intervjuet, då eg kunne trekkja på relevant erfaring for å svara på spørsmål og scenario. Når det er sagt så var det også ynskjeleg med høgare utdanning.

Hva er dine hovedarbeidsoppgaver?

Eg er tilsett tilretteleggjar for to aktivitetar på Røde Kors sitt ressurssenter for ungdom på Grønland i Oslo. Det er frivillige som er tilstade på ettermiddags- og kveldstid og driv aktivitetane, og eg følgjer opp frivillige og deira innspel. Eg jobbar med å få aktivitetane til å fungera så godt som råd, og dette inkluderer både å ordna veldig praktiske og umiddelbare ting, og å jobba med organisasjonsbygging og utarbeiding av gode rutinar og prosedyrar. Arbeidsoppgåvene mine kan såleis grovt delast inn i drift og utvikling av aktivitet.

Hva jobber du med akkurat nå?

Ein ting som utmerkar seg med denne jobben er at det ikkje finst ein typisk arbeidsdag! Mykje av stillinga består av å ta tak i ting som dukkar opp og ad hoc-oppgåver. Ein arbeidsdag kan bestå av introsamtalar med nye frivillige, oppfølging av gamle frivillige og drøfting av eventuelle situasjonar i ungdomsmiljøet. Den kan og innehalda alt frå kontakt med eksterne og interne samarbeidspartnarar, til laminering av plakatar og innkjøp av lyspærer.

Hvordan bruker du samfunnsgeografiutdanningen i jobben din?

Dette er ein relativt praktisk retta jobb, der mange av ferdigheitene ein treng er erfaringsbaserte. Alle i teamet mitt har veldig ulike bakgrunnar, og i det daglege trekkjer eg i liten grad på det teoretiske aspektet frå utdanninga mi. Likevel har eg hatt god nytte av den gode skriftleg framstillingsevna ein utviklar etter fleire år som student ved ISS, når eg i det siste har skrive ein del søknadar om eksterne midlar. Eg har også innsett at når ein ser litt større og overhengande på dei problemstillingane me jobbar med så er det plutseleg samfunnsgeografi, det òg! I bunn og grunn jobbar me med sosiale konsekvensar av ein delt by, og ujamn fordeling av ressursar.

Hva er ditt beste tips til studenter som ønsker å bli attraktive på arbeidsmarkedet?

Mitt beste tips er rett og slett å bekymra seg mindre! For det fyrste fordi ein sit inne med eit mangfald av ferdigheiter etter fleire år på universitetet, og faktisk er ein attraktiv arbeidstakar i mange tilfelle. For det andre fordi kva jobb ein ender opp med å få vil avhenge av ei rekkje tilfeldigheiter, og av å vera på rett stad til rett tid. Me er privilegerte som kan ta val basert på interesse og ikkje berre taktikk, og eg trur på at vegen blir til medan me går.

Publisert 27. feb. 2017 10:04 - Sist endret 11. mars 2021 14:32