Prestisjeutdanningar lønner seg

Studerer du ved Norges Handelshøyskole eller eit universitet i dei store byane, vil du høgst sannsynleg sjå det att på lønsslippen i framtida.

norges handelshøyskole

Foto: Norges Handelshøyskole

Ein ny doktorgrad ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi er klar i sin konklusjon: Vel du ein norsk lærestad med høg utdanningskvalitet, er sjansen stor for at du får igjen for det i løn på eit seinare tidspunkt.

- Valet av fagfelt er framleis viktigare enn lærestaden, men forskingsresultata mine tydar på at også institusjonen påverkar lønsnivået du endar opp med, seier forskar Nicolai Borgen.

Det er første gong nokon har gjort ein grundig studie av samanhengen mellom lærestader og lønsnivå i Noreg.

NHH-studentar på lønstoppen

Utdanningskvalitet målast gjennom ei rekke variablar, mellom anna talet på vitskapleg tilsette per student, publiseringspoeng blant dei tilsette og studentane sitt karakternivå frå vidaregåande skule. Ut frå slike variablar er det dei tradisjonelle universiteta i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø som skårar best på utdanningskvalitet i Noreg, i tillegg til Norges Handelshøyskole (NHH).

Nicolai Borgen har brukt registerdata frå Statistisk sentralbyrå for å finne samanhengen mellom lærestader og løn. Han har mellom anna følgt studentar som vart uteksaminert mellom 1975 og 1999 og sett på lønsnivået deira då dei var mellom 34 og 36 år.

Studiar frå USA har vist at det er dei prestisjefylte businesskulane som gjev det beste utgangspunktet for framtidige lønsinntekter. Dette ser ut til også å vere tilfelle i Noreg: Studentar frå NHH utmerkar seg både med høg løn og sterk lønsutvikling over tid. Dei som fullførte studia her på slutten av 1970-talet, tente 24 prosent meir enn den typiske høgskulestudenten. Dei som fullførte tjue år seinare, i 1999, tente heile 49 prosent meir.

- Dette tydar på at valet av lærestad har blitt viktigare, og lønsmottakarar i øvre enden av inntektsskalaen ser ut til å drive utviklinga, seier Nicolai Borgen.

Universiteta på andreplass

Universiteta i dei store byane kjem på andreplass i lønsstatistikken. I 1980 tente studentar herifrå sju prosent meir enn studentar frå andre institusjonar. I 1999 hadde universitetsstudiar blitt enda meir lønsamt: Då tente desse studentane ti prosent meir.

- Noko av lønsskilnaden skuldast at studentar med høge karakterar frå vidaregåande har større sannsyn for å studere ved tradisjonelle universitet eller NHH. Når eg tar høgde for dette, blir samanhengane litt svakare, men dei er der framleis, seier Borgen.

Eit av føremåla med doktorgraden var å undersøke om sentrale lønsforhandlingar, som i dag er vanleg i Vest-Europa, reduserer lønsauken for studentar frå prestisjeskular. Det er få ting i Borgen sine tal som tydar på dette. Samanhengen mellom lønsutvikling og utdanningskvalitet har mange fellestrekk med USA, som har eit desentralisert forhandlingssystem.

Gjev lønsgevinst først på sikt

portrettbilde av Nicolai Topstad Borgen
Nicolai Topstad Borgen. Foto: UiO

Borgen har også studert lønsnivået hos studentar som søkte utdanning mellom 1997 og 2004. Denne statistikken omfatta over 140.000 studentar. Ifølgje forskingsresultata gjev ikkje utdanningskvalitet utslag i løna med det same. Dette skjer først etter tre-fire år i jobb.

- Det er vanskeleg å seie kvifor det er slik. Det er muleg at ein del studentar frå høgkvalitets-lærestader går inn i jobbar der lønsstigen er brattare. Alternativt kan ein tenkje seg at desse studentane er meir produktive, og at sjefane deira ser dette. Men det ser ikkje ut til at sjefar løner utdanningskvalitet i tilsetjingsprosessen, seier Borgen.

Enkelte amerikanske studiar har ikkje funne nokon samanheng mellom utdanningskvalitet og løn, og Borgen trur at dette kan forklare ein del av årsaka. Mange studiar har nemleg sett på løna til nytilsette.

Rike foreldre, høgare løn

Borgen har også funne at det ofte er studentar med rike foreldre som studerer ved tradisjonelle universitet eller NHH. Det er også desse studentane som tenar mest på å studere ved slike lærestader. Studentar frå lågare sosiale lag ser ut til å ha svært lite igjen for å velje desse lærestadene.

- Eg kan ikkje seie så mykje om kvifor det er slik. Ein hypotese er at det  for å få godt betalte jobbar er nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg, med høg utdanningskvalitet. Kanskje er det også slik at studentar med rike foreldre har nokon nettverk dei kan bruke for å omsetje utdanninga i høg løn. Men dette er berre spekulasjonar, understrekar Borgen.

Svært mange faktorar kan påverke løna vi ender opp med, og Borgen har i arbeidet med doktorgraden tatt omsyn til ei rekke variablar for å minske sjansen for feilslutningar. Til dømes har han berre samanlikna studentar med same utdanningsretning. Han har også kryssjekka funna sine ved å samanlikne søsken som studerer på ulike lærestader.

- Søsken har gjerne mange av dei same føresetnadene, og når eg samanliknar desse, ser eg at utdanningskvalitet framleis påverkar løna, men i litt mindre grad, seier han.

Av Silje Pileberg
Publisert 19. mars 2015 12:02 - Sist endret 5. feb. 2024 13:12