English version of this page

Frå finanskrise til legitimitetskrise i EU?

Denne hausten startar 15 unge forskarar frå heile Europa på doktorgraden sin i regi av det ARENA-koordinerte PLATO-nettverket. Dei stiller alle det same spørsmålet: Førte EU si handtering av finanskrisa til ei ny krise, som no utfordrar sjølve eksistensen til EU?

Tre smilende personer sitter ved et bord med vafler.

Frå venstre: Claire Godet, Joris Melman og Jan Pesl starta på sine doktorgradar ved ARENA i september. Dei har allereie fått smaken på norske vaflar. (Foto: Marit Eldholm, ARENA)

PLATO

  • PLATO er eit europeisk opplæringsnettverk samansett av universitet og fagfolk med bakgrunn frå politisk rådgjeving, konsulentbransjen og organisasjonar.
  • Prof. Chris Lord (ARENA) er prosjektkoordinator.
  • 15 doktorgradsstudentar er tilsett.
  • 9 universitet og 11 opplæringsinstitusjonar deltek i prosjektet.
  • Prosjektet går frå 2017 til 2020
  • PLATO arrangerar ein kick-off-konferanse  ved Universitetet i Oslo 18.-20. oktober.
  • Meir informasjon: plato.uio.no

Den europeiske union (EU) har vore gjennom eit tøft tiår. Etter finanskrisa i 2008 måtte europeiske styresmakter ut med 4,5 trillionar euro for å redde europeiske bankar frå konkurs, trass i at bankane i stor grad sjølv var skuld i krisa.

I etterkant har EU vore gjennom ei migrasjonskrise og krise i forholdet til Russland. Samtidig var det eit stort nederlag for EU då Storbritannia stemde for å trekkje seg ut av samarbeidet. No skal ei gruppe forskarar frå heile Europa sjå nærare på saka: Har måten alle desse krisene har vore handtert på vore med på å skape ei større legitimitetskrise i EU?

Legitimitet vil seie den lovlege eller rettkomne utøvinga av politisk makt. Det er dette som gjer at vi følgjer det styresmaktene seier, sjølv når ingen tvingar oss til det.

‘Ein ting er å meine at EU har lidd av ei krise, eller til og med ei heil røys av kriser. Det er noko anna å vise at EU har lidd av ei legitimitetskrise, eller for å seie det på ein annan måte, ei krise som set spørjeteikn ved EU som ei rettkomen politisk makt,’ seier professor Chris Lord, koordinator for PLATO.

Kva kjem etter ei legitimitetskrise?

PLATO er eit nettverk som samlar 15 doktorgradsstudentar ved ni europeiske institusjonar med målsetnad om å undersøke dette spørsmålet frå ulike synspunkt. ARENA Senter for europaforskning er koordinator, med Chris Lord og prosjektleiar Marit Eldholm i spissen.

Ein ting er å meine at EU har lidd av ei krise, eller til og med ei heil røys av kriser. Det er noko anna å vise at EU har lidd av ei legitimitetskrise som set spørjeteikn ved EU som ei rettkomen politisk makt.

Chris Lord, PLATO-koordinator

Tre av doktorgradsstudentane vart nett tilsett hjå ARENA: Claire Godet, Joris Melman og Jan Pesl.

‘Dette er første gong eit forskingsprosjekt har sett på korleis legitimitetskrisa kan ha påverka politiske prosessar,’ seier Godet. ‘ Mykje av forskingslitteraturen har sett på korleis ei legitimitetskrise kan oppstå, men kva skjer så? Det er dette PLATO har som målsetnad å undersøke,’ held ho fram.

Medan eksisterande forklaringsmodellar ofte tek utgangspunkt i nasjonalstaten, er det naudsynt å tenke annleis når det gjeld EU. EU må vere legitim for både statar og borgarar, noko som krev at teorien må tilpassast dette. Doktorgradsstudentane vil medverke med kvart sitt unike perspektiv.

Banebrytande prosjekt

Portrettbilde av en mann: Chris Lord
Prof. Chris Lord (ARENA) er koordinator for PLATO. Foto: UiO.

PLATO-prosjektet er eit såkalla Innovative Training Network (ITN). Desse er forskings- og opplæringsnettverk finansiert av EU, og samlar partnarar frå ulike land og fagfelt for å lære opp unge forskarar. Eitt av måla er å gjere den enkelte forskaren meir ettertrakta på arbeidsmarknaden, på tvers av landgrenser og fagfelt. Ein anna målsetnad ved ITN er å fremje samarbeid innan forsking.

Dette vil seie at dei 15 doktorgradsstudentane ikkje berre skal halde seg til éin akademisk institusjon i fleire år medan dei skriv avhandlinga si. Alle kandidatane skal byte til ein annan institusjon i tre månader, og skal i tillegg møtast til faglege samlingar i fleire ulike europeiske byar.

Dette opplegget har fleire fordelar, i følgje Lord. Éin er at dei unge forskarane ikkje berre skal forske aleine, men får arbeide saman om store utfordringar innan fagdisiplinen deira. Ein annan er at forskarane får rettleiing og forskingskompetanse frå universitet i fleire europeiske land. Den tredje fordelen er at dei får korte, men intensive arbeidsutplasseringar. Dette siste er svært viktig i dagens kunnskapsbaserte samfunn og økonomi. Det er ikkje berre universiteta som vil trenge den kompetansen doktorgradsstudentane har, avsluttar Lord.

Denne saka er omsett frå engelsk. Les heile saka her.

Les meir om PLATO på heimesidene plato.uio.no.

Publisert 9. okt. 2017 15:47 - Sist endret 14. feb. 2024 12:03