Korleis opnast og stengjast dører online, finst det digitale «dørstokkar»? Om dørstokkane finst, kven får trø over og kven blir haldne utanfor? Korleis forhandlast grensene mellom det private og det offentlege når privatlivet offline blir gjort tilgjengeleg online?
Har det noko å seie om «kjøkkenbordsamtalar» blir flytta til Facebook, Snapchat eller Instagram? Korleis påverkar digitalt samvær og det å vere til stades kvardagen til menneske? Kva deler vi og med kven?
Marianne Gullestad sin klassikar Kitchen-Table Society frå 1984, skildra korleis normer og moral vart etablert blant unge kvinner rundt kjøkkenbord i Bergen, og har vore eit viktig bidrag til nordisk etnografi. Inspirerte av arbeidet til Gullestad, spør vi: Kvar er kjøkkenborda no? På kva måtar endrar digitale sosiale samværsformer privatliv og sosiale relasjonar?
Delprosjekter
1: Emosjonelt og digitalt identitetsareid
Dette studiet følgjer opp urbane unge vaksne, som i tenåra deltok i doktorgradsprosjektet til Tuva B. Broch. No innlemar ho både deira nye og vel etablerte digitale sosiale nettverk. Fokus ligg spesielt på dei no unge vaksne sitt tilhøve til smarttelefonen.
Digital feltforteljing: Tek unge kvinner avstand frå smarttelefonen?
Emosjonelt og digitalt identitetsarbeid er det første delprosjektet som har starta opp. Mange av prosjektdeltakarane her kjenner antropologen frå før. Kjennskapen formar ideane til deltakaren om kvar og korleis dei ønskjer å møtast igjen for første gong etter mange år. Eit spørsmål blir sentralt for feltarbeidaren: kvar har mobiltelefonane deira vorte av?
Møta fører til at antropologen sit igjen med mange spørsmål om betydninga av mobiltelefonen i kvardagen til deltakaren. Tek dei unge kvinnene medviten avstand frå smarttelefonen sin når dei er saman med andre? Prøver dei å lausriva seg frå den, gjera han mindre viktig enn han kanskje eigentleg er?
2: Naturforvaltning, reindrift og digitalisert sosialitet utover det menneskelege
Digitalisert overvaking kan påverke korleis menneske forstår landskap og dyr. For Marianne Lien er slike endringar i fokus i dette delprosjektet. Vi spør mellom anna: Korleis påverkar innblikka i reinsdyr sine «private liv» og deira gruppedynamikk (som elles er ute av syne) praksisane til reineigarane? Korleis påverkar digitaliseringsverktøy samspelet mellom menneske og dyr?
3: Sosiale medium og mangfaldspolitikk
Cecilia Salinas granskar korleis nordmenn med minoritetsbakgrunn i kultursektoren tek i bruk sosiale medium for å skapa og påverka tilhøyrslepolitikk. Dei delar stadig oftare personlege erfaringar om utestenging og rasisme på digitale plattformer, der dei prøver å utfordra førestillinga om at det ikkje finst rasisme i Noreg.
Digital feltforteljing: Kan posting i sosiale medium føre til endringar i samfunn?
Delprosjektet Sosiale medier og mangfaldspolitikk undersøkjer korleis nordmenn med minoritetsbakgrunn i kunst- og kultursektoren bruker sosiale medium for å påverka mangfaldspolitikk i Noreg.
Sidan mars 2011 har antropologen regelmessig møtt deltakarane, følgt deira samfunns- og politiske engasjement på sosiale medium og lært om kva de postar, deler og ikkje minst kvifor.
4: Digitale kvardagsliv i bygde-Noreg
Tom Bratrud undersøkjer kva rolle digital teknologi spelar for kvardagsliv i dagens bygde-Noreg. Kva rolle spelar digital teknologi for konstitueringa av sosialt liv på bygdene i dag, og kva blir dei sosiale, kulturelle, politiske og økonomiske konsekvensane?
Studentprosjekt: Kva kan dei gamle lære oss om digital teknologi?
Kajta Perminow studerer kva som inngår i det å «bli digital» gjennom feltarbeid i ein dataklubb for ei gruppe pensjonistar. Prosjektet søkjer å svara på korleis digitale representasjonar utfordrar pensjonistanes oppleving av tida som går, rytmen i deira kvardagsliv, og dei sosiale romma deira.
Aktiviteter
Privatlivets Grenser på Teknisk Museum
Kva kan eigentlig seiast å vere privat i vår digitale tidsalder? Korleis påverkar og endrar digitalisering måtane vi forheld oss til oss sjølv og andre på? Privatlivets grenser gav nokre svar på desse spørsmåla i ein utstilling på Teknisk Museum i september 2024.
Utstillinga om digitalisering gav besøkande moglegheit til å få innblikk i dei forskjellige delprosjekta i Privatlivets grenser og dei forskjellige måtane prosjektdeltakarane har undersøkt effektane av digitalisering.
Hør Marianne Lien fortelle om utstillingen og prosjektet
Konferanse om privatlivets grenser og hverdagsliv i en digital tid
Hva gjør den digitale revolusjonen med våre opplevelser av avstand og nærhet; av innenforskap og utenforskap? Hvordan styrer algoritmene livene våre uten at vi merker det? Dette var utgangpunkt for en konferanse på Teknisk museum i slutten av oktober 2023. Konferansen tok blant annet for seg hvordan det digitale påvirker vennskap, familieliv og flørt, så vel som makt og politikk og viser også hva som skjer når natur og dyr «digitaliseres».
ARTivisme - utstilling som kombinerer kunst og etnografisk forskning
ARTivisme er et utvalg digitale tegninger og tekster som er skapt under Cecilia Salinas etnografiske feltarbeidet blant nordmenn med minoritetsbakgrunn i kunst- og kultursektoren. Utstillingen kan forstås som kunstneriske feltnotater, og utforsker spørsmål knyttet til underrepresentasjon, rasisme og det å stå i spagat mellom ulike kulturer, og åpner opp for refleksjon rundt temaene. Mellom mars og november 2021 undersøkte Salinas forskningsdeltakernes bruk av sosiale medier og deres opplevelser av å være kunstner i Norge. Karakterene i utstillingen viser lengsel etter å høre til et sted når rasisme, diskriminering og forskjellsbehandling er en del av deres erfaringsverden. Vandreutstillingen ARTivisme åpnet på Deichman Holmlia, torsdag 24. februar 2022, og har besøkt flere bibliotek i Oslo. Deretter ble den hentet av Utlendingsnemnda til 30-årsmarkeringen av FN's barnekonvensjon i perioden i perioden 20. - 25. november 2023. En variant av utstillingen ble vist frem på Norsk Antropologisk konferanse i Trondheim 30. november 2023. 12. - 15. september 2024 ble ARTivisme vist på bokmessen i Puerto Madryn i Argentina.

Hør Cecilia Salinas fortelle om utstillingen
Hvordan studere sosialt liv i og gjennom skjermer?
29. september 2020 ble det arrangert fagseminar på Litteraturhuset i regi av Nordisk Laboratorium i samarbeid med forskningsprosjektet Privatlivets Grenser der Ingrid M. Tolstad (OsloMet) og Gudrun Rudningen (OsloMet og SAI) innledet. Tolstad og Rundingen viste til egne forskningsprosjekter der digital teknologi og skjerm var viktige samhandlingsarenaer. De la frem utfordringer ved denne typen feltarbeid og skisserte måter å angripe disse.