Ny studie samlar forskingsfunn: Etniske minoritetar blir diskriminerte, og det skjer like ofte som før

Lyst på ny jobb? I så fall stiller du sterkast viss du er lys i huda. Slik har det vore i minst femti år. – Det er ganske slåande at vi ikkje ser ei endring over tid, meiner sosiolog Arnfinn H. Midtbøen. 

Hånd med forstørrelsesglass har valgt ut en hvit mann blandt mange portrettfotografier av menn og kvinner

Nyare studiar viser at personar som er fødde i landet dei bur i, men som har utanlandsk opphav, også blir ramma av etnisk diskriminering i arbeidsmarknaden. Illustrasjonsfoto: Colourbox.no

Det er snart ti år sidan Arnfinn H. Midtbøen og kollega Jon Rogstad gjennomførte den første norske studien med innsending av falske jobbsøknader til reelle stillingsutlysingar. Dei måtte gå fleire rundar med forskingsetiske komitear, som til slutt ga klarsignal: Det var ikkje mogleg å studere diskriminering på arbeidsmarknaden på ein annan, og like god, måte.

I USA og Storbritannia hadde såkalla felteksperimentelle studiar av etnisk diskriminering blitt gjort sidan 1960-talet. I starten hyra forskarar inn skodespelarar som stilte på jobbintervju, men snart vart skriftlege jobbsøknader utan intervju det mest vanlege.

I slike studiar sender fiktive personar, til dømes Andreas og Kamran, jobbsøknader til eit par tusen verksemder. Søkjarane er like kvalifiserte, men ulike namn signaliserer ulik etnisk bakgrunn. I studien frå 2012 fann Midtbøen og Rogstad at sannsynet for å bli kalla inn til eit jobbintervju i snitt reduserast med ein fjerdedel viss du har eit utanlandskklingande namn.

Også etterkommarar blir diskriminerte

 

Portrettbilde av Arnfinn Midtbøen
Arnfinn Midtbøen Foto: UiO

Midtbøen er førsteamanuensis ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo. Nyleg inviterte topptidsskriftet Annual Review of Sociology Midtbøen og forskarkollega Lincoln Quillian i USA til å oppsummere all forsking av denne typen som er gjort sidan starten i 1966. Gjennom eit grundig søk fann dei over 140 eksperimentelle studiar frå 30 land.

Dei trekte 17 konklusjonar frå denne forskingslitteraturen. Ein av desse er: I dei landa der det er gjennomført slike studiar over lang tid, blir etniske minoritetar diskriminerte like ofte som før.

I USA gjeld dette først og fremst afroamerikanarar, medan det i Storbritannia gjeld britar med asiatisk bakgrunn. Begge er store minoritetsgrupper.

– Dei nyare studiane har undersøkt diskriminering av personar som er fødde i landet dei bur i, men som har utanlandsk opphav. Ein ser då at barrieren mot å inkludere i arbeidsmarknaden også rammar etterkomarar av innvandrarar. Det er sjølvsagt veldig alvorleg, seier Midtbøen.

Mindre diskriminering av kvite

Ein annan tendens er ifølgje studien at ulike etniske, grovt kategoriserte grupper blir diskriminerte i like stor grad. Det gjeld anten du kjem frå Asia, Afrika eller Sør-Amerika. Også kvite minoritetar med europeisk opphav – som franskmenn i Noreg – rammast, men i mindre grad enn synlege minoritetsgrupper.

– Dette er ikkje så overraskande for dei som bur i USA. Men i Europa har nok mange tenkt at etter kvart som innvandrarar frå land utanfor OECD blir etablerte og nye generasjonar kjem til, vil omfanget av diskrimineringa gå ned. Det er lite som tydar på det, seier Midtbøen.

Mellom anna viser forskarane til ein samlestudie dei sjølv gjorde saman med kollegaer i 2019, som tydar på at ikkje-kvite diskriminerast i alle europeiske og nord-amerikanske land der ein har nok data. I gjennomsnitt får kvite rundt 50 prosent fleire oppringingar frå potensielle arbeidsgjevarar enn ikkje-kvite.

Det ser ikkje ut til å vere store skilnader mellom bransjar når ein ser alle undersøkingar under eitt. Men studiar tydar på at det skjer mindre diskriminering i offentlege institusjonar enn i private, og at store, private verksemder diskriminerer i mindre grad enn små og mellomstore verksemder.

Forskjellar mellom land

Sjølv om folk blir diskriminerte på arbeidsmarknaden i alle land der det finst slik forsking, varierer omfanget. Noko av dette handlar kanskje om at ulike grupper er undersøkte i ulike land, ifølgje Midtbøen.

– I USA er det til dømes afroamerikanarar som er forska mest på, medan norske forskarar har konsentrert seg om norsk-pakistanarar. Derfor kan det bli litt misvisande å snakke om skilnader mellom land. Likevel: Vi kan seie noko om kor vidt store minoritetsgrupper blir diskriminerte og samanlikne omfanget mellom land.

Ifølgje Midtbøen og Quillian diskriminerast norsk-pakistanarar i omtrent same omfang som afroamerikanarar i USA. Noreg og USA er verken verst eller best i klassen.

Frankrike skil seg derimot ut. Her finn forskarane dei desidert høgaste diskrimineringsratane: Søkjarar med utanlandske namn må sende dobbelt så mange søknader for å bli kalla inn på intervju samanlikna med majoritetsfranske søkjarar. Forskarar i Frankrike har primært undersøkt jobbsøkjarar med nord-afrikansk bakgrunn.

– Det er eit klassisk fransk ideal at viss du er fødd i Frankrike, er du fransk. Det skjer derfor inga innsamling av statistikk om etnisitet for folk fødde i Frankrike. Men det klassiske idealet stemmer ikkje for mange unge franskmenn med minoritetsbakgrunn, seier Midtbøen. 

Høge krav til dokumentasjon kan hjelpe

Tyskspråklege land har, på si side, dei lågaste diskrimineringsratane.

 – Dette var ganske overraskande for oss. Vi spekulerer om det kan ha å gjere med nokre særtrekk ved arbeidsmarknaden i land som Tyskland og Sveits. I motsetnad til i USA, Noreg, Storbritannia og Frankrike, må jobbsøkjarar her sende med ekstremt mykje dokumentasjon. Kanskje er dette med å redusere usikkerheita om minoritetssøkjarar, foreslår Midtbøen.

At tyskarar og sveitsarar jamt over er mindre diskriminerande folkeslag, trur han ikkje. Andre forskarar har nemleg sett på diskriminering i bustadmarknaden, og der er omfanget av diskriminering like stort i Tyskland som i andre land.

– Vi trur altså at dette handlar om korleis arbeidsmarknaden er skrudd saman. Det er interessant, fordi det tydar på at institusjonelle reglar og reguleringar kan ha noko å seie for det samla diskrimineringsnivået.

Tverrpolitisk semje

I Noreg er mykje på plass: Arbeidsgjevarar er pliktige til å jobbe pro-aktivt mot diskriminering og for likebehandling. Diskriminering er ulovleg, og det er tverrpolitisk semje om at slik skal det vere.

Likevel skjer det altså også her til lands. Fem av studiane som er med i Midtbøens samlestudie, er gjort i Noreg. Den første var hans eigen i 2012.

– Mange hadde rekna med og håpa at utdanning og sosialisering i norske og andre samfunn skulle føre til mindre diskriminering i nye generasjonar. Slik ser det ikkje ut til å vere, seier Midtbøen og legg til:

– I den grad nokon framleis meiner at diskrimineringsproblematikken berre er enkeltanekdotar, og ikkje systematisk, viser denne studien at det ikkje er nokon tvil: Diskriminering skjer, på tvers av land, grupper og generasjonar. 

Av Silje Pileberg
Publisert 28. mai 2021 13:32 - Sist endret 7. mai 2024 11:17