Bok om arbeidarklassa: – Utdanning har ikkje hatt den effekten mange trudde

Nesten halvparten av alle vaksne nordmenn er del av arbeidarklassa. Sjansen er stor for at dei som høyrer til denne gruppa som vaksne, vart fødde inn i same gruppe.

Mann skrur på rør med tang.

Sjølv om det har blitt færre industriarbeidarar, er det stor kontinuitet i arbeidarklasseyrka over tid. Røyrleggaryrket er eit døme på det. Illustrasjonsfoto: Colourbox.no

Dei siste åra har masseprotestar og sosial uro i land som USA og Storbritannia ført til at arbeidarklassa har fått meir merksemd. Forskarar og kommentatorar har spurt om arbeidarane i dag er ei gruppe som føler seg forbigått av samfunnsutviklinga. 

I prosjektet «Den moderne arbeiderklassen - Livssjanser, samhold, splittelse og anerkjennelse i migrasjonens tidsalder» har forskarar studert den norske arbeidarklassa. Dei har mellom anna definert kven som inngår i denne gruppa i dag, kor stor gruppa er og korleis norske arbeidarar stiller seg politisk. 

Portrettbilde av Marianne Nordli Hansen– Den norske utviklinga kan ikkje samanliknast med det vi ser i USA, der byar og område nærmast er lagde i grus etter at industrien flytta ut. Men nokon av dei prosessane vi ser i Noreg, kan likne på det vi ser i andre land, seier Marianne Nordli Hansen, professor ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, Universitetet i Oslo. 

Saman med forskar Jørn Ljunggren er ho redaktør for boka «Arbeiderklassen», der ei rekke fagpersonar har medverka. 

Stor gruppe

I dag jobbar langt færre nordmenn i industrien enn kva som var tilfelle tidlegare. Dette har ført til endringar i kven som inngår i arbeidarklassa. Men viss faglærte arbeidarar, ufaglærte arbeidarar og velferdsmottakarar inkluderast, utgjer arbeidarklassa i underkant av 45 prosent av alle nordmenn mellom 35 og 50 år. 

Rundt 1980 høyrde i overkant av 50 prosent til arbeidarklassa i dei same aldersgruppene. 

– Gruppa har blitt mindre over tid, men ho er altså framleis av ein betydeleg storleik, seier Hansen. 

Det er færre sveisarar og platearbeidarar enn før. Samtidig har omsorgsyrke i offentleg sektor blitt vanlegare, til dømes er det i dag fleire pleieassistentar.

Elektrikar, kokk og frisør

Det er likevel stor kontinuitet i arbeidarklasseyrka over tid. Sjåførar og lagerarbeidarar utgjorde ein stor del av gruppa med ufaglærte menn både i 1980 og i 2017. Blant faglærte menn var det begge år mange elektrikarar og røyrleggarar. 

Når det gjeld kvinner, jobba mange ufaglærte i butikk, med servering eller reingjering både i 1980 og 2017. Blant faglærte kvinner var kokk og frisør vanlege yrke begge desse åra. 

Forskarane har valt å inkludere velferdsmottakarar i definisjonen av arbeidarklassa. I aldersgruppa 35-50 år utgjer desse rundt ti prosent. Sjølv om nokon velferdsmottakarar har høgare utdanning, er sannsynet for å bli velferdsmottakar størst blant dei i arbeidarklasseyrke, ifølgje Hansen. 

Mange blir i same gruppe

Blir du fødd inn i arbeidarklassa, er sannsynet stort for at du blir verande der. Vel halvparten av kvinner som har bakgrunn i arbeidarklassa er framleis i denne gruppa ved 37 års alder. Det same gjeld rundt seks av ti menn. 

Dette biletet har vore nokså stabilt sidan starten av 2000-talet. 

Samtidig er det ein del som flyttar på seg: Mange kvinner frå arbeidarklassa får ein posisjon i nedre middelklasse, med yrke som politi eller førskulelærar. Rundt to av ti – både kvinner og menn – får ein posisjon i øvre middelklasse eller overklasse. 

Samtidig er det få med bakgrunn frå høgare klassar som blir arbeidarar. 

– Ei forklaring kan vere at familiar i øvre klassar brukar sine økonomiske, kulturelle eller sosiale ressursar for å sikre barna sine. Dermed får desse barna fordelar både i utdanningssystemet og på arbeidsmarknaden, seier Hansen.

Skilnader i utdanning

Mange venta at ei satsing på gratis utdanning skulle omkalfatre samfunnet, legg ho til.  

– Konklusjonen er at det ikkje har betydd like mykje som mange hadde håpa.  

I dag har rundt 40 prosent av unge oppnådd ei mastergrad innan dei er 28 år – viss dei kjem frå overklassa. Har dei derimot ufaglært arbeidarklassebakgrunn, er sjansen for det same 10 prosent for kvinner og 5 prosent for menn. 

– Dette er ein veldig stor forskjell. Og det er ingen teikn til at det jamnast ut. 

Svekka gruppe?

Kommentatorar og forskarar har dei siste åra spurt om arbeidarklassa har fått ein lågare rang enn ho hadde før. Til dømes har Robert Putnam, professor i statsvitskap ved Harvard University, skrive om arbeidarklassa sin kollaps i boka «Our Kids».

– Medan arbeidarrørsla tidlegare hadde ei politisk slagkraft gjennom politiske parti og fagforeiningar, kan det verke som gruppa har blitt svekka, seier Hansen. 

Brexit og valet av Trump i førre presidentperiode i USA har ført med seg diskusjonar. Mellom anna har det blitt spurt om arbeidarklassa gjer opprør mot ei samfunnsutvikling som styrkar elitane. Den franske samfunnsøkonomen Thomas Piketty har hevda at sosialdemokratiske parti i dag er mindre opptekne av omfordeling og meir av marknadsløysingar, og at desse dermed har blitt parti for dei høgt utdanna. 

Politisk framandgjering

Fleire kapittel i boka diskuterer om slike tendensar også kan sjåast i Noreg. 

Vebjørn Nordhagen ved OsloMet skriv om politisk framandgjering: I spørjeundersøkingar seier folk frå arbeidarklassa oftare enn andre at dei ikkje har meiningar om politiske spørsmål. Fleire lar dessutan vere å stemme ved val. 

Ifølgje analysane til Peter Egge Langsæther ved Universitetet i Oslo, er menn i tradisjonelle arbeidaryrke mest kritiske til innvandring. Dei er dessutan i liten grad opptekne av klima og miljøvern. 

OsloMet-forskar Hedda Haakestad spør om byggfaga i Noreg kan forsvinne. På Oslos vestkant er det til dømes svært få som tar fagarbeidarutdanning. Dei som tar det på hovudstadens austkant, forklarer ofte at dei skal ta studiespesialisering etterpå.

Langt til Detroit

– Det er langt frå norske samfunnsforhold til ein by som Detroit, med nedleggingar og elende. Men likevel kan ein seie at noko av det som diskuterast, verkar relevant for Noreg. Til dømes ser det ut til at verdsetjinga av den typen arbeid som arbeidarklassa utfører, er låg, seier Hansen.  

Fleire har peika på at utdanningskvalifikasjonar er det som primært gir ære i dag, og at idear om meritokrati står sterkt. Dette inneber at løn og påskjøningar avhenger av evne og innsats, slik at dei som ikkje lukkast, berre har seg sjølv å skulde på.

Misnøye og uro i Noreg?

Hansen meiner at det er vanskeleg å sjå føre seg den framtidige utviklinga.

– På den eine sida tener medlemmer av arbeidarklassa minst, barna får minst utdanning og majoriteten av arbeidarar har sjølve bakgrunn i arbeidarklassa, seier Hansen. 

Det er også ein aukande grad av segregering mellom klassar i bustadstrøk og skular, påpeikar ho. Dersom ulikskapane aukar, kan slike tendensar gje grobotn for misnøye, uro og konfliktar.

– På den andre sida er det fleire trekk som peikar i andre retningar. Arbeidarklassa er samansett av folk med ulik bakgrunn, dei har forskjellige yrke og dei har ulike politiske oppfatningar. Dermed er det mindre sannsynleg at dei utviklar ein felles identitet og for at misnøye uttrykkast gjennom ei samla rørsle. 

Verknader av pandemien

Hansen er open for at covid 19-pandemien kan føre med seg endringar. For eksempel meiner ho at mange har fått augo opp for kor viktige utanlandske arbeidarar er for Noreg.

Om pandemien kan føre til at typiske arbeidarklasseyrke får høgare status, er ho usikker på. 

– Førebels trur eg ikkje folk i slike yrke opplever å bli meir verdsett, iallfall ikkje når det gjeld løn. Kva langsiktige verknader pandemien vil ha, vil framtida vise. 

 


Omslaget på boka "Arbeiderklassen"Arbeiderklassen

I boka Arbeiderklassen har Marianne Nordli Hansen og Jørn Ljunggren samla bidrag frå 27 forskarar ved norske universitet og forskingsinstitutt.

Boka er eit resultat av forskingsprosjektet «Den moderne arbeiderklassen - Livssjanser, samhold, splittelse og anerkjennelse i migrasjonens tidsalder», finansiert av Noregs forskingsråd.

Av Silje Pileberg
Publisert 26. mars 2021 10:55 - Sist endret 26. mars 2021 11:02