Oslo er ein delt by

Det er store skilnader på folks formue i Noreg, og aller størst er skilnadene i Oslo, ifølgje førsteamanuensis Øyvind N. Wiborg.

Noreg vert ofte trekt fram som eit egalitært samfunn, men skilnadane mellom folks formuar ser ut til å vere ganske store.

Vi liker å tenke på Noreg som eit samfunn der folk har like mulegheiter. Men er det faktisk slik?

– Skilnadene mellom folks formuar ser ut til å vere ganske store og i ein del tilfelle også aukande. Dette er eit paradoks, fordi Noreg ofte vert trekt fram som eit egalitært samfunn, seier Øyvind N. Wiborg, førsteamanuensis ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, Universitetet i Oslo.

I ein studie frå 2017, der han bruker registerdata frå alle innbyggjarar i Noreg, har han mellom anna undersøkt skilnadene i nordmenns formue etter geografiske skiljelinjer. Han har studert utviklinga over tid og undersøkt fleire typar formue. Studien er publisert som eit kapittel i boka «Oslo – ulikhetenes by», redigert av Jørn Ljunggren.

– Formueskilnadene er høge i landet generelt, og i Oslo spesielt. Medan inntektsskilnadene er låge samanlikna med andre land, er skilnadene i folks formue faktisk nesten like store som i USA, seier Wiborg.

Øyvind N. Wiborg
- Oslo er ein delt by, og han har blitt enda meir delt over tid, seier førsteamanuensis Øyvind N. Wiborg. Foto: UiO

Akerselva deler Oslo 

Ulikskapane er størst i Oslo by men store i heile Oslo-regionen. Særleg er det skilnader i folks finanskapital, som i studien målast som bankinnskot, verdipapir, aksjar og obligasjonar. Frå 1993 til 2012 vaks finanskapitalen mykje i denne regionen.

– Ein tendens er at finansformuane breier seg lenger sørvest regionen, langs kysten i Asker-området. Internt i Oslo går det eit tydeleg skilje langs Akerselva. Svært få nabolag på austkanten har store gjennomsnittsformuer, fortel Wiborg.

I alt bur rundt 70 prosent av dei aller rikaste i bydelar på vestkanten, med nokon endringar over tid. Nordstrand er eit unntak. Dette er eit velståande område med utsikt over Oslofjorden, samt tilgang på gode grunnskular og naboar med høg kulturell og økonomisk kapital.

– Oslo er ein delt by, og han har blitt enda meir delt over tid. Det viser denne studien av formue, og dette har andre forskarar også vist ved bruk av andre mål for sosial lagdeling.

Desse studiane er refererte i boka han no sjølv medverkar til.

Kjøpesterke vel rike nabolag

At mange med store formuer vel å busette seg i dei same områda, kan føre til at ulikskapane aukar mellom bydelar og nabolag.

– Det er mange grunnar til at folk flyttar. Dette er ikkje kartlagt i mi forsking, men eit døme kan vere at kjøpesterke flyttar til vestkanten slik at dei sikrar barna sine tilgang til skulane med dei høgaste grunnskulepoenga i dei mest attraktive nabolaga, seier Wiborg. 

I eit anna kapittel i boka finn Marianne N. Hansen nettopp eit slikt aust-vest skilje i grunnskulepoenga.

– Kva skule ein går på vil kunne påverke barnas framtidige mulegheiter, både i høgare utdanning og i arbeidsmarknaden. Kvar ein veks opp, kan difor vere langt viktigare enn kven som har den finaste IPaden eller den dyraste jakka.

Fleire studiar har tyda på at barn som veks opp i attraktive nabolag har betre livssjansar enn andre. Samfunnsforskarane Maren Toft og Jørn Ljunggren viste til dømes i 2015 at dette aukar sjansar for fullført høgare utdanning og at det også aukar sjansen for at du seinare i livet høyrer til samfunnets øvste sosiale sjikt. Dette gjaldt spesielt for familiar frå arbeidarklassa, ifølgje forskarane.

Større skilnad blant menn, meir likskap blant kvinner   

Medan finanskapital er lett omsetteleg, inkluderer realkapital også fysiske eigedelar, bustad og hytte. Skilnadene i realkapitalen har ikkje utvikla seg på same måte som finanskapitalen sidan 1993. I realkapital ser forskaren ein svak nedgang i skilnadene.

– Dette heng truleg saman med at fleire eig bustaden sin i dag enn kva som var vanleg før. Bustadverdiane har stige, og mange har dermed fått auka realkapitalen sin.

Det er likevel stor skilnad på kvinner og menn. For menn aukar skilnadene i alle former for formue, også realkapital. For kvinner har ulikskapane stort sett blitt reduserte.

– Med unntak av finanskapital er det blitt stadig mindre skilnader i kvinners formue dei siste åra. Det betyr at til dømes realkapitalen i dag er meir likt fordelt kvinner i mellom. Eg har ikkje studert årsakene til denne trenden, men kanskje kan han forklarast av kjønnsskilnader i kjøp av bustad og finansar i eit parforhold, seier Wiborg.

– For eksempel kan det tenkast at det tradisjonelt har vore menn som ordnar med finansane, at kvinner i mindre grad enn menn har tatt opp lån, eller at dei sjeldnare har stått oppført som låntakarar enn dei gjer i dag. Men her trengs det meir forsking for å seie noko sikkert.

Stemmer med tidlegare funn

Wiborg har målt ulikskap på ulike måtar, mellom anna ved bruk av den såkalla Gini-indeksen. Dette er eit statistisk mål som varierer frå 0 til 1. Er indeksen 0, har alle innbyggjarar akkurat like stor inntekt eller formue. Talverdien 1 indikerer at éin person har all inntekt eller formue.

Ifølgje Wiborgs funn er Gini-indeksane for nordmenns formue stort sett mellom 0,6 og 0,9. Lisa A. Keister ved Duke University i USA fann i 2014 tilsvarande tal for USA for finansformue og nettoformue. Ein anna studie frå same år av forskarane Skopek, Buchholz og Blossfeld viser eit like høgt nivå også for Sverige og Danmark. 

Wiborgs resultat for landet sett under eitt stemmer overeins med tidlegare forsking, mellom anna av sosiologiprofessor Marianne Nordli Hansen, som i 2012 fann at dei 1 prosent rikaste i Noreg eig nærmare 50 prosent av samla finanskapital og opp mot 20 prosent av samla nettoformue.

Av Silje Pileberg
Publisert 16. okt. 2018 12:03 - Sist endret 5. nov. 2018 10:46