Internasjonal orientering
Målet for ARENA var å skape god forsking på politisk integrasjon i Europa og på kva konsekvensar den politiske integrasjonen i Europa har hatt for Noreg.
Frå starten av hadde ARENA ønskje om å byggje kunnskap over tid. Målet var å bli ein internasjonalt kjend forskingsinstitusjon. Ei målbevisst og aktiv forskargruppe gjorde at ARENA innan ein tiårsperiode nådde målet om å skape ein akademisk institusjon med fagleg tyngde og svært godt internasjonalt rykte.
Vart del av universitetet
ARENA vart i 2004 del av Universitetet i Oslo som eit senter for europaforskning under Det samfunnsvitskaplege fakultetet. Sidan den gongen har ARENA vidareutvikla forskningsprofilen. Forskinga ved senteret er i stor grad eksternt finansiert med pengar frå Noregs Forskingsråd, dei norske departementa og dei ulike forskingsprogramma til Den europeiske union.
ARENA er i dag kjent som eit av dei sentrale forskingsfellesskapa vi har i verda når det gjeld arbeidet med å lære dei politiske endringsprosessane i Europa å kjenne.