Historia om ARENA

Forskingsprogrammet ARENA (Advanced Research on the Europeanisation of the Nation-State) vart til i 1994. Programmet vart etablert av Noregs Forskingsråd etter initiativ frå Johan P. Olsen, som på den tida var professor ved Universitetet i Bergen.

Johan P. Olsen. (Foto: Gro Stueland Skorpen, UiO)

Internasjonal orientering

Målet for ARENA var å skape god forsking på politisk integrasjon i Europa og på kva konsekvensar den politiske integrasjonen i Europa har hatt for Noreg.

Frå starten av hadde ARENA ønskje om å byggje kunnskap over tid. Målet var å bli ein internasjonalt kjend forskingsinstitusjon. Ei målbevisst og aktiv forskargruppe gjorde at ARENA innan ein tiårsperiode nådde målet om å skape ein akademisk institusjon med fagleg tyngde og svært godt internasjonalt rykte.

Vart del av universitetet

ARENA vart i 2004 del av Universitetet i Oslo som eit senter for europaforskning under Det samfunnsvitskaplege fakultetet. Sidan den gongen har ARENA vidareutvikla forskningsprofilen. Forskinga ved senteret er i stor grad eksternt finansiert med pengar frå Noregs Forskingsråd, dei norske departementa og dei ulike forskingsprogramma til Den europeiske union.

ARENA er i dag kjent som eit av dei sentrale forskingsfellesskapa vi har i verda når det gjeld arbeidet med å lære dei politiske endringsprosessane i Europa å kjenne.

 

Publisert 7. juli 2010 14:08 - Sist endret 25. feb. 2016 11:27