Hytteprosjektet på Forskingstorget

Kven skal arve hytta? Kva verdiar har hytta? Vi diskuterte viktige spørsmål om hytter og verdiar på Forskingtorget i Oslo i september.

Nysteikte vaflar og kaffi trakk mange besøkande til standen. Professor Marianne Lien slår av ein prat med ein av mange interesserte publikummarar. Alle foto: Gro Strømsheim

Verdiar var det store temaet på Forskingsdagane i år. Ein festival som strekk seg over heile landet. Forskingsdagane har fokus på formidling av forsking, og viser fram kva mange ulike forskarar jobbar med. Universitetsplassen vart omgjort til eit stort torg, 22. og 23. september, der forskarar frå universitet og høgskular fortalde om forskinga si. Forskingstorget er ein fin stad for forskarar å møte publikum, både små og store.

Mange barn satt seg ned og tegnet sin drømmehytte.
Mange barn teikna si eiga draumehytte.
Hyttebok
Ingen hytte utan hyttebok!

Kva skjer med familien sine minner dersom hytta må seljast?

Korleis løyser ein spørsmålet om arv?

Og kva har antropologi med hytter å gjere?

Desse og fleire spørsmål satte tankane i sving for besøkande. 

Marianne Lien, UiO-rektor Svein Stølen og stipendiat Ståle Wig
Vi fekk også besøk av UiO-rektor Svein Stølen, her saman med Marianne Lien og stipendiat Ståle Wig.

Folk var ivrige etter å dele sine hyttehistorier, og mange slo seg ned i godstolane for ein hytteprat. Dei fortalde om deira verdiar til hytta. Om hytta som hyggeleg samlingspunkt for familien og som konflikt og krangel i slekta. Både gleder og sorger!

Hytta har ikkje berre ein økonomisk verdi; det handlar om kjenslemessige verdiar, om minner, familie og tilhøyre til ein stad.

Sjølv om vi er litt inhabile, meiner vi at vår stand var den soleklart finaste. Vi bydde på kaffi & vaflar, hyttebok, gode stolar og fantastisk fjellutsikt. Tenk å få kome på hytta – midt i Oslo!

Skoleelever ville vite mer om antropologi og stipendiat Ola fortalte om vårt spennende studie.
Skuleelevar ville vite meir om antropologi og stipendiat Ola Gunhildrud Berta fortalde om vårt spennande fag.
Professor Marianne Lien snakker til ungdom.
Professor Marianne Lien hadde ein improvisert gateforelesing for ungdom som besøkte Forskingstorget.

 

 

 

 

 

Av Anita Nordeide
Publisert 11. okt. 2017 13:14 - Sist endret 11. okt. 2017 13:14