– Norsk familiepolitikk har blitt mindre konfliktfylt

Fedrekvote og kontantstøtte kan framleis skape samfunnsdebatt, men i langt mindre grad enn før, ifølgje ei ny bok. 

Bildet kan inneholde: mennesker i naturen, mennesker, tre, naturlige omgivelser, moro.

– Åtferdsendringane kjem ofte først. Så kjem politikken, og så kjem haldningsendringane, seier professor Anne Lise Ellingsæter. Ho har studert endringane i norsk familiepolitikk dei siste 50 åra.

Foto: Caleb Oquendo, Pexels

– Mykje av det vi tar for gitt i dag, har vore ekstremt omstridt tidlegare, seier Anne Lise Ellingsæter, professor ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, Universitetet i Oslo. 

For eksempel var barneombodet svært omdiskutert då det kom. Og det tok 30 år å få innført full barnehagedekning. 

– Mange endringar har blitt til gjennom kamp. I dag ser vi langt mindre betente konfliktar i norsk familiepolitikk.

Tolv vekers fødselspermisjon

Bokomslag til boka Den nye velferdstatens historieI boka «Den nye velferdsstatens historie. Ekspansjon og omdanning etter 1966» skriv Ellingsæter og medforfattarane Aksel Hatland,  Per Haave og Steinar Stjernø om velferdsstatens utvikling etter at folketrygdlova kom i 1966. 

Velferdsstaten har lange historiske røter i Noreg, men omgrepet vart meir utbreidd i 1960-åra. Då folketrygda vart innført, meinte 85 prosent av folket at Noreg var ein velferdsstat. 

I dag kan det vere vanskeleg å førestille seg velferdsstilbodet i slutten av 1960-åra, skriv forfattarane. Då fekk mødrer tolv vekers fødselspermisjon, barnehagar fanst nesten ikkje og familien måtte normalt ta ansvaret for eldreomsorga. Eldre fekk ei trygd som ofte var mindre enn ein tredjedel av arbeidsinntekta. 

Ideologiske konfliktar

– I boka skriv vi at familiepolitikken har vore det feltet i velferdspolitikken der dei ideologiske konfliktane har vore størst, seier Ellingsæter, som har tatt føre seg nettopp dette feltet. 

I Noreg varte den politiske støtta til ei-inntektsfamilien i lang tid i forhold til i nabolanda. Sentrums- og høgrepartia argumenterte lenge for den tradisjonelle familiemodellen der husmødrer skulle vere heime med barna. 

– Argumentasjonen skifta over tid. Først handla det om at det var best for små barn å vere heime. Seinare handla det meir om å gje foreldre valfridom. 

For Kristeleg folkeparti (KrF) har kontantstøtta vore ei kampsak heilt fram til i dag. Medan denne før gjaldt både eitt- og toåringar, gjeld ho i dag berre for eittåringar. 

Endra syn på barnehagar

Synet på barnehagar har endra seg svært mykje, ifølgje Ellingsæter. Då barnehagelova kom i 1975, var under tre prosent av norske barn i barnehage. 

Anne Lise Ellingsæter, portrettbilde
Anne Lise Ellingsæter

– Særleg sentrum-høgre-sida var skeptiske. Mange meinte at barn under 2-3 år var for små og at heiltidsbarnehage ikkje var bra for nokon. 

Frå 1970-åra og utover var manglande barnehagedekning likevel eit vedvarande problem. Mange fedrar og mødrer ønska å jobbe. Her gjekk folks åtferd i front medan politikarane og institusjonane hang etter, påpeikar Ellingsæter. Først mot slutten av 2000-åra fekk Noreg full barnehagedekning.

– I dag er haldningane til barnehagar fundamentalt endra. Etter kvart som fleire barn fekk plass, endra haldningane seg også. Mange ser i dag på barnehagar som den beste forma for tilsyn, seier Ellingsæter. 

Institusjonar er viktige for haldningar

Ho meiner dette går igjen i mykje familiepolitikk: Etter kvart som praksis endrast og folk ser  at det fungerer, endrar haldningane endrar seg også. 

– Slik møter kvar ny foreldregenerasjon nye vilkår. I dag er barnehageplass ei sjølvfølge. Dette påverkar vala våre og forventningane våre. 

Når institusjonane først er på plass, betyr dei mykje for kva folk ser på som normalt og muleg, legg ho til. Eit anna eksempel på dette er fedrekvoten, som vart innført i 1993. 

– Fedrekvoten førte til ein prosess der synet på fedrar som omsorgspersonar vart grunnleggande endra. 

Motstand mot barneombodet

I dag veks barn opp på ein annan måte enn før. Barnehage og pappaperm er éin ting, ein annan er at barn i dag blir sett på som meir sjølvstendige individ. 

Barneombodet, som skal passe på at lovgjevinga om barn sine interesser blir følgt, vart etablert i 1981. I 1989 kom FNs barnekonvensjon. Denne tillegg barn over heile verda individuelle rettar. 

– Det er interessant å sjå på konflikten som var der då barneombodet vart oppretta. Nokon samanlikna det med å kontrollere familiane slik ein hadde gjort det i Aust-Europa før muren fall, seier Ellingsæter. 

– Mange institusjonar har blitt til gjennom kamp. Ein av kampane har handla om grensa for kva som er statens oppgåve og kva som er opp til den enkelte familie. 

Dagens konfliktar

I dag er konfliktane i familiepolitikken færre. Sakte har ting endra seg. Nesten alle barn over to år går i barnehage, og ordet «husmor» har klang av ei svunnen tid. 

Men noko heng igjen. For KrF er kontantstøtta framleis ei viktig sak, medan dei andre partia er skeptiske. Fedrekvoten kjem opp til debatt no og då, siste heftige diskusjon var i 2018. Då vart eit tidlegare kutt i fedrekvoten reversert. 

I tillegg har nye konfliktar stige fram. Éi slik konflikt er kor vidt barnehagar skal drivast av kommersielle aktørar og kva vilkår som skal gjelde for desse. 

– Den debatten er eit eksempel på at kva som oppfattast som problem, endrar seg over tid, seier Ellingsæter. 

Familiepolitikk i framtida

Ho meiner at det historiske blikket på familiepolitikken gjev oss eit viktig perspektiv: Ting vi i dag tar for gitt, har ikkje alltid vore slik. Det betyr at ting også vil endrast framover. 

– Er det noko eg har lært av dette arbeidet, er det at samfunnet på lengre sikt vil endre seg på måtar vi ikkje kan førestille oss i dag. Når samfunnet endrar seg, endrar også familiepolitikken seg, seier ho. 

Historia viser at det å prøve å stoppe ei samfunnsutvikling, er vanskeleg, meiner ho. 

– Når tida har kome, dundrar det av garde. 

På kort sikt trur ho at det ho kallar likestillingssporet i familiepolitikken, og også i arbeidslivet, vil styrkast vidare. 

– Den symbolske koplinga mellom kjønn og arbeidsoppgåver vil halde fram med å brytast ned, seier Ellingsæter. 

Av Silje Pileberg
Publisert 27. juni 2020 13:43 - Sist endret 27. juni 2020 14:04