Støtte frå EILIN ved større endringar i studietilbodet

Når du skal opprette eit nytt eller endre eit eksisterande studieprogram eller emne, er det mykje å tenkje på. EILIN hjelper gjerne i prosessen frå idéstadiet til endeleg resultat.

Ta kontakt

Konsultasjon og rettleiing

EILIN kan bidra som ressurs i alle fasane av program- og emneoppretting og -endring. Koble oss gjerne på tidleg i prosessen. Vi har kompetanse på og kan rettleie innan:

  • Pedagogisk design av program
  • Læringsdesign av emne
  • Studentaktiv læring
  • Læringsteknologi

Nettverk og incentivordningar

EILIN har breitt nettverk ved UiO og oversikt over miljø ein kan lære av og ev. samarbeide med. Vi kan bistå med å setje dykk i kontakt med relevante miljø og støtteeiningar ved UiO.

Det er også mogeleg å nytte seg av våre incentivordningar:

Læringsressursar

EILIN har utvikla fleire læringsressursar basert på forskingslitteratur og erfaringar frå undervisarar.

Published Aug. 21, 2024 12:43 PM - Last modified Sep. 22, 2026 3:12 PM