Protokoll fra Instituttstyremøtet 28. februar 2001

Møtet ble satt 28. februar 2001, kl. 14.15, Rom 725 ESH, og hevet kl. 16.00.

Tilstades: Lise Kjølsrød (møteleiar), Arnlaug Leira (vara), Arne Mastekaasa, Tove Thagaard, Dag Album, Hege M. Knutsen, Terje Wessel (kun tilstades på sak 14/01), Rune Hauger (vara), Marit Valen Sendstad, Christoffer Lidén (vara), Åsmund Birkeland, Thomas Sandvik, Susan Powers, Gudleik Grimstad (ref)

Forfall: Karin Widerberg, Tone Schou Wetlesen, Hilde Solli, Guren Hole

SAK 1
Saksnr. 6/2001
Godkjenning av protokoll frå instituttstyremøtet 31. januar 2001 (sendt ut tidlegare) og innkalling til instituttstyremøtet 28. februar 2001. Eventuell inhabilitet i høve til saker som skal handsamast i møtet

Det var meldt ei ekstra tilsetjingssak til møtet: sjå sak 14/01.

Arne Mastekaasa var ikkje tilstades under handsaminga av sak 8/01.

          

Orienteringssaker

O-SAK 1
Saksnr. 7/2001 A
Nye medlemmer i fagstyra og i instituttstyret 2001

Instituttstyret tok orienteringa til etterretning.

          
O-SAK 2
Saksnr. 7/2001 B
Institusjonsevalueringa av UiO har fått eiga heimeside: http://www.admin.uio.no/prosjekter/eva/

Instituttstyret tok orienteringa til etterretning.

          

Ordinære saker

V-SAK 1
Saksnr. 8/2001
Innstilling til stipendiatstilling i sosiologi "Økonomi og ulikhet"

Merknad frå søkjar Sølve Sandaker var lagt ved sakspapira.

Vedtak: Instituttstyret sluttar seg til innstillinga frå bedømmelseskomiteen, og innstiller Roy A. Nielsen til stillinga som stipendiat ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, Universitetet i Oslo. Tilsetjinga gjeld for ei periode på inntil 4 år med 25% pliktarbeid. Dersom innstilte nr 1 takkar nei til stillinga vil tilbodet gå vidare til innstilte nr. 2 osv.

Saka vert oversendt fakultetet.

          
V-SAK 2
Saksnr. 9/2001
Innstilling til stipendiatstilling i samfunnsgeografi

Vedtak: Instituttstyret sluttar seg til innstillinga frå Fagstyret ved samfunnsgeografi, og innstiller Karin Wiik til stillinga som stipendiat ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, Universitetet i Oslo. Tilsetjinga gjeld for ei periode på inntil 4 år med 25% pliktarbeid. Dersom Wiik takkar nei til stillinga ber instituttstyret om at saka vert returnert til instituttet for ny handsaming.

Saka vert oversendt fakultetet.

          
V-SAK 3
Saksnr. 10/2001
Rekneskap for 2000

Vedtak: Instituttstyret godkjenner rekneskapen for 2000 med dei merknader som kom fram i møtet.

          
V-SAK 4
Saksnr. 11/2001
Budsjettforslag for 2001

Vedtak: Instituttstyret godkjenner forslaget til budsjett for 2001, med dei merknader som kom fram i møtet.

Endringar lausløn sosiologi:

  • Grunnfag oppgåveseminar: 255 000
  • Grunnfag forelesarar: 55 000
  • Mellomfag: 50 000
  • Hovudfag undervisning: 100 000
          
V-SAK 5
Saksnr. 12/2001
Gjennomføring av årsplan for 2000 og forslag til årsplan for 2001

Vedtak: Instituttstyret tek orienteringa om gjennomføring av årsplan for 2000 til etterretning.

Instituttstyret godkjenner forslaget til årsplan for 2001 med dei endringar som kom fram i møtet.

Årsplanen vert oversendt fakultetet til orientering.

          
V-SAK 6
Saksnr. 13/2001
Opptaksrammer for grunnivået og til hovudfag og høgare studietrinn 2001 og 2002

Vedtak: Instituttstyret tilrår at opptaksrammene for grunn- og hovudfag vert oppretthaldne for studieåret 2001/2002:

  • Samfunnsgeografi: 31 studentar høgare grad
  • Sosiologi: 120 studentar høgare grad
          
V-SAK 7
Saksnr. 14/2001
Innstilling til stipendiatstilling ved Osloforskning

Vedtak: Instituttstyret sluttar seg til innstillinga frå bedømmelseskomiteen og tilset Pernilla Elisabeth Bollman i mellombels stilling som stipendiat ved Osloforsking, Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, Universitetet i Oslo. Tilsetjinga gjeld for ei periode på 3 år utan pliktarbeid. Dersom tilsette nr. 1 takkar nei til stillinga vil tilbodet gå vidare til innstilte nummer 2. Dersom både innstilte nummer 1 og nummer 2 takkar nei til stillinga ber instituttstyret om at saka vert returnert til instituttet for ny handsaming.

Saka vert oversendt fakultetet.

          
V-SAK 8
Saksnr. 15/2001
Eventuelt

Ingen saker melde.

          
Publisert 27. sep. 2010 09:46