The Social Meaning of Children (avsluttet)

Kva vil vi med barn?

Dette prosjektet søkjer å finne svar på ei rekkje spørsmål om kva haldningar folk har til det å få barn, og kva som påverkar avgjerdene om å få eller ikkje få barn.

FRIPRO-prosjektet om synet på barn, "The social meaning of children", tok til hausten 2009 i samarbeid mellom Universitetet i Oslo og NTNU. Ved hjelp av tverrfaglige tilnærmingar i seks delprosjekt skal forskarane finne svar på ei rekkje spørsmål om folk sine haldningar til det å få barn og kva som påverkar avgjerdene om å få eller ikkje få barn.

Det finst gode statistiske data når det gjeld barnefødslar, men alt for lite forsking om prosessen som kjem før det å få barn – kven som velgjer kva og kvifor. Dessutan er Noreg ein del av eit spesielt fertilitetsmønster: Nordiske kvinner får fleire barn enn kvinner i resten av Europa. Ein god familiepolitikk får ofte æra for dette, men det finst forsking som peiker i retning av at familiepolitikken ikkje verkar så direkte på fertilitetsnivået som vi likar å tru. Prosjektet vil undersøkje avgjerdene både kvinner og menn tar om det å få barn. For å forstå nyare fertilitetstrendar er vala menn gjer – som hittil har vore lite studert – helt avgjerande.

Gyngehest som bare venter på at noen skal leke med denFoto: Frank Paul Silye (© All rights reserved)

Dei viktigaste spørsmåla for prosjektet er:

  • Korleis passar førestellinga om barn inn i kvar enkelt sin livsstil og i samfunnet?
  • Kva tenkjer unge kvinner og menn om det å få barn – er det eit privilegium, ei plikt eller rett og slett ein naturlig del av livet?
  • Korleis verkar sosiale, økonomiske og institusjonelle forhold saman for å gjere det enkelt eller vanskelig å få barn?

Prosjektet vil også inkludere samanlikningar med andre europeiske land. Det vil kombinere teoretiske og empiriske tilnærmingar frå demografi, sosiologi og sosialantropologi.

For meir informasjon, sjå den engelske prosjektsida.

 

Publisert 25. aug. 2010 13:21 - Sist endret 25. apr. 2016 12:26

Kontakt

Besøksadresse
Moltke Moes vei 31
Harriet Holters hus, 2 etg.
0851 Oslo

Postadresse
Postboks 1096 Blindern
0317 Oslo

Telefon og e-post
22 85 52 57 (telefon)
ekspedisjonen@sosgeo.uio.no