Endra behandlinga for pasientar med personlegdomsavvik

Ullevål endra behandlinga for pasientar med personlegdomsavvik etter forskingsfunn.  

– Det var overraskande å oppdaga at den mindre omfattande behandlinga individualterapi, som er samtaleterapi mellom terapeut og pasient, kom betre ut samanlikna med dei pasientane som fekk den tradisjonelle behandlinga i dagavdeling, seier forskar Frida Slagstad Gullestad ved Psykologisk institutt. Fotoillustrasjon Colourbox

Individuell terapi fungerer betre enn intens behandling på dagavdeling for pasientar med personlegdomsavvik. Det er konklusjonen i doktoravhandlinga til Frida Slagstad Gullestad på Psykologisk institutt ved UiO.

Funnet i doktoravhandlinga til Frida Slagstad Gullestad har allereie endra behandlinga av pasientar med personlegdomsavvik på Ullevål. I Noreg har personar med personlegdomsavvik, som til dømes antisosial åtferd, emosjonell utstabilitet og sjølvskading, fått behandling i dagavdelingar.

– Behandlingsforma inneheld mellom anna ein intensiv periode med gruppeterapi fleire gonger i veka, ofte fylgd av samtaleterapi i grupper og individuelt i fleire år. Lenge har dette blitt rekna som den beste behandlinga for denne pasientgruppa, fortel Frida Slagstad Gullestad til Uniforum.

I doktoravhandlinga si ville ho finna ut kva effekt gruppeterapi og individuell terapi hadde på desse pasientane.

– Avhandlinga baserer seg på ei undersøking av 113 pasientar med personlegdomsavvik, der halvparten fekk behandling i dagavdeling og halvparten individualterapi. Studien er ein del av Ullevål personlighetsprosjekt og pasientane blei intervjua for å kartleggja type og grad av problem før terapien blei påbyrja og med nye intervju etter åtte, 18 og 36 månader.

– Overraskande funn

– Korleis reagerte du og forskarkollegaene dine då de såg kva funn du hadde gjort?

– Det var overraskande for oss å oppdaga at den mindre omfattande behandlinga individualterapi, som er samtaleterapi mellom terapeut og pasient, kom betre ut samanlikna med dei pasientane som fekk den tradisjonelle behandlinga i dagavdeling. Denne skilnaden kom spesielt tydeleg fram hos dei dårlegast fungerande pasientane som hadde minst evne til å forstå eigne og andre sine mentale tilstandar, forklarar Slagstad Gullestad.

Før forskingsprosjektet som Frida Slagstad Gullestad deltar i, blei sett i gang, hadde ingen undersøkt om pasientane gjer det like bra i individualterapi som i gruppeterapi.

– Funna stiller spørsmål ved om behandling i dagavdeling er det beste behandlingsalternativet for pasientar med personlegdomsavvik, seier Gullestad. Likevel vil ho ikkje dra konklusjonen for langt.

– Me kan enno ikkje seia så mykje om årsakene til at det er slik, men ei forklaring kan vera at behandlinga i dagavdelingar er for krevjande for dei dårlegast fungerande pasientane. Dagsavdelingbehandlinga har ofte blitt delt opp i ein intensiv periode med gruppeterapi fleire gonger i veka, fylgt av ein mindre intens periode med gruppeterapi éin gong i veka, med eller utan kombinert individualterapi. Det er grunn til å tru at dette avbrotet i behandlinga kan ha verka negativt inn på mange av desse pasientane, kanskje særleg dei som har vanskar med å forstå seg sjølve og andre.

– I den første innleiande fasen blir dei vande til å snakka om seg sjølve, bli kjende med dei andre pasientane og begynner å utvikla ei tilknyting til både terapeutar og medpasientar. Ein kan tenkja seg at det er uheldig med eit avbrot etter såpass kort tid, der dei brått kjem saman med nye pasientar og terapeutar og der dei berre møtest ein gong i veka. Dette er ei samtalegruppe der mange har opplevd traume og tilknytingsbrot tidlegare, og som difor ofte er ekstra sårbare, understrekar Slagstad Gullestad.

– Gir nærare forhold mellom terapeut og pasient

PhD Frida Slagstad Gullestad
PhD Frida Slagstad Gullestad

– Men kvifor fungerer då samtaleterapi med berre terapeut og pasient betre for dei?

–Tilknytinga til den same terapeuten over eit lengre tidsrom er truleg viktig. Det blir heller ikkje noko avbrot i denne typen behandling. Relasjonen mellom terapeut og pasient er viktig for denne pasientgruppa for at det skal bli eit godt resultat. Ein individuell samtaleterapi over lengre tid med same terapeut fungerer truleg også betre fordi behandlinga er meir fleksibel og kan tilpassast behova til kvar einskild pasient, er Slagstad Gullestad overtydd om.

– Samfunnviktig behandling

Personar med personlegdomsavvik utgjer rundt 10 prosent av alle innbyggjarane i Noreg. Men blant pasientar som får psykiatrisk behandling, er pasientgruppa på mellom 30 og 70 prosent.

– Fleire av dei hamnar lett bort i kriminalitet og i barnevernet sine statistikkar. Av dei me undersøkte, var over halvparten utan jobb. Difor er det samfunnsmessig viktig å kunna gi dei ei så god behandling som mogleg. Nokre av dei kan også bli heilt friske av terapibehandlinga, seier Frida Slagstad Gullestad.

Arbeidet med doktoravhandlinga er utført på Psykologisk institutt, UiO og ved Avdeling for personlighetspsykiatri på Oslo universitetssykehus, Ullevål.

Denne artikkelen stod også i Uniforum.

Av redaktør i Uniforum Martin Toft
Publisert 24. feb. 2012 14:36 - Sist endret 3. apr. 2018 14:22