Tette band mellom klasse og partival

Sosial bakgrunn og religion påverkar kva parti vi stemmer på. Ny forsking kan gje oss svaret på kvifor. 

Mange veljarar held fast ved parti som dei har stemt på i lang tid og som dei føler ei gruppekjensle med og tenkjer til dømes:  «Arbeidarpartiet er for sånne som oss». Her frå kommunestyre- og fylkestingsvalet 2011, Karl Johan.

Foto: Håkon Mosvold Larsen (NTB/ Scanpix)

– Mange trur at klasse og religion ikkje lenger betyr noko for kven vi stemmer på. I faglitteraturen er det ein ganske vanleg påstand. Men dette er ei misforståing, seier Peter Egge Langsæther.

I ei ny doktoravhandling har han lagt eit stort europeisk datasett til grunn. Han har sett at arbeidarar ofte stemmer sosialdemokratisk eller høgrepopulistisk, at kristne gjerne stemmer kristeleg og at den høgt utdanna middelklassa stemmer venstresosialistisk eller grønt. Næringslivsfolk stemmer ofte på parti som Høgre eller Venstre.

Sosial bakgrunn og religion har altså mykje å seie for kva parti vi stemmer på, sjølv om det er mindre viktig enn på 1960-talet.

Vi stemmer ut frå gruppe og historiske band

Årsaka til desse mønstera er ifølgje Langsæther todelt. Sosial bakgrunn og religion kan påverke stemmegjevinga direkte, som når ein arbeidar stemmer på Arbeidarpartiet, eller det kan påverke indirekte, gjennom dei verdiane og haldningane bakgrunnen vår har gjeve oss.

Den direkte påverknaden er den sterkaste, ifølgje Langsæther.  

– Mange veljarar held fast ved parti som dei har stemt på i lang tid og som dei føler ei gruppekjensle med. Kanskje er stemmegjevaren arbeidar og har fått høyre frå far sin, som også var arbeidar, at «Arbeidarpartiet er for sånne som oss». Det skal ofte mykje til før ein bryt denne lojaliteten, seier Langsæther.

Likskap viktigare enn meiningar?

At denne typen påverknad er sterk kom også fram i ein studie ved University of Oxford i 2015. Politikkprofessor James Tilley skreiv her at religiøse i Storbritannia oftare stemmer med bakgrunn i historiske band og gruppekjensle enn politiske meiningar. Langsæther har undersøkt dette i mange ulike land og lagt både klasse og religion til grunn. Han finn det same mønsteret.

– Vi veit ikkje kvifor det er slik. Men vi kan spekulere. Éi mulegheit er at folk er meir opptekne av at politikarar er som dei, enn av at politikarar meiner det same som dei. Ved valet i USA såg vi til dømes at kvinnelege veljarar støtta Hillary Clinton sjølv om dei var meir samde med mannlege demokratar.

Det kan også hende at mange veljarar ikkje har tid til å følgje så godt med på politikk og at dei baserer seg på vanar og normer i sine miljø heller enn å vurdere kven dei er samde med i enkeltsaker, påpeikar Langsæther.  

Parti unngår kontroversielle standpunkt

Dei politiske meiningane våre er likevel ikkje heilt uviktige. Klasse påverkar ofte kva vi meiner om økonomi og innvandring, og religion betyr meir for kva vi meiner om moralske spørsmål som abort og homofili, ifølgje doktoravhandlinga.

Og kva skjer når partiet vi føler at vi høyrer til går ut med ein bodskap som bryt med meiningane våre?  

– Då risikerer partiet å miste veljar. Difor vel mange parti å unngå å løfte fram synspunkt som går på tvers av det kjerneveljarar meiner, seier Langsæther.

Til dømes unngjekk Arbeidarpartiet i 2017 å snakke om innvandring. Partiet sin innvandringspolitikk var meir liberal enn mange av dei trufaste veljarane ville likt, og partiet løyste dilemmaet ved å gjere det til eit ikkje-tema, ifølgje Langsæther. 

– Det finst arbeidarveljarar som stemmer på sosialdemokratiske parti fordi dei ser på desse som gode representantar for gruppa dei høyrer til. Kanskje følgjer dei ikkje så mykje med på politikk. Men viss partiet hadde begynt å vektleggje sin liberale ståstad i innvandringspolitikken, kunne dette skremme bort nokon av desse veljarane, seier han. 

– Grovt sett kan ein seie at Arbeidarpartiet står i ein spagat mellom arbeidarar, som ofte er motstandarar til innvandring, og middelklasseveljarar, som gjerne er positive. Kva politikk partiet skal velje er ikkje opplagt.

I 2018 starta partiet eit utval som skulle stake ut kursen for innvandringspolitikken. Politikarar har etterpå uttalt seg meir tydeleg enn før, men ifølgje Langsæther er det likevel vanskeleg å sjå ei eintydig politisk haldning til innvandring. Han meiner at dette er typisk for sosialdemokratiske parti i Nord-Europa.  

Partia kan påverke motivasjonen for å stemme

I datamaterialet, som er henta frå Den europeiske verdiundersøkinga og omfattar tusenvis av veljarar, ser han at dei partia som snakkar lite om kontroversielle spørsmål har fleire veljarar som stemmer med bakgrunn i gruppekjensle og historiske band.

Dei partia som derimot snakkar mykje om slike spørsmål, har fleire veljarar som stemmer med bakgrunn i politiske meiningar.

Langsæther meiner at politiske parti derfor kan påverke kva som motiverer veljarane til å stemme på dei. Dei kan velje å snakke mykje om tema som innvandring, økonomi, abort og homofili, og dei vil då tiltrekke seg veljarar som stemmer på grunn av meiningane sine. Eller dei kan velje å unngå slike tema og då kanskje halde fast på veljarar som har stemt på dei i lang tid, eller som kjenner ei gruppekjensle med partiet.  

Problematisk for demokratiet?

Peter Egge Langsæther stiller spørsmål ved kva det betyr for demokratiet viss politiske parti unngår å snakke om denne typen spørsmål.

– Når folk stemmer på grunnlag av gruppekjensle eller historiske band, kan det vere problematisk. Partia risikerer å ha ei veljargruppe som stemmer på dei fordi dei kjenner seg representerte som gruppe. Men veljarane stemmer kanskje samtidig på eit parti som fører ein politikk dei er usamde i, dei får det berre ikkje med seg, seier han.

– Dersom sosiale grupper derimot er knytte til eit parti fordi dei er samde med partiet, er det heilt opplagt i tråd med det vi ønskjer at demokratiet skal vere.

 

 

Studieprogram

Statsvitskap (bachelor)

Statsvitskap (master)

Av Silje Pileberg
Publisert 7. mai 2019 13:41 - Sist endret 7. mai 2019 14:07