Solar Transitions

Status
Avsluttet

Eit internasjonalt forskingsprosjekt om bruk av solenergi i utviklingsland.

Frontpage-pictures

Om prosjektet

Dette forskingsprosjektet analyserer erfaringar frå igangsetting og drift av småskala solcelledrivne kraftstasjonar i landsbyar i India og Kenya med vekt på den sosiale organiseringa og dei sosioøkonomiske aspekta ved strømforsyninga.

Prosjektet arbeider også med aktiv overføring av erfaringar mellom India, Kenya og Noreg om korleis solcellekraftverk kan settast i gang og organiserast i landsbyar som ligg langt frå viktig infrastruktur. Ein analyse av denne Sør-Sør-Nord-overføringa av kunnskap og løysingar blir gjennomført i løpet av prosjektet. Forskingsprosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd. Prosjektmedlemmane vil sette i gang ein lokal solkraftstasjon i landsbyen Ikisaya i Kenya i samarbeid med lokalbefolkninga for å skape eit eksempel som kan byggast vidare på av myndigheiter, firma og organisasjonar.

For meir informasjon om prosjektet, sjå dei engelske sidene for Solar Transitions.

I media

Sammen om solenergi

Solar Transitions er et internasjonalt samarbeid mellom akademia og mange eksterne aktører.

Publisert juni 2014

Og det ble lys

Aftenposten Innsikt har trykket en artikkel av journalist Christopher Olssøn om solenergiens betydning for de fattige.

Publisert november 2012

Sammen om solenergi

Det Samfunnsvitenskapelige Fakultet ved UiOs intern nyhetsavis publisert en artikkel om Solar Transitions prosjektet i januar 2011.

Deltakere

  • Karen O'Brien Universitetet i Oslo
  • Siri E. H. Eriksen
  • Tanja Winther
  • Debajit Palit
  • Harald Rohracher
  • Gathu Kirubi
  • Charles Muchunku
  • Benard Muok
  • Anjali Saini
  • Paul Mbole
English version of this page
Publisert 20. aug. 2025 09:47 - Sist endret 20. aug. 2025 09:47