Om prosjektet
Dette forskingsprosjektet analyserer erfaringar frå igangsetting og drift av småskala solcelledrivne kraftstasjonar i landsbyar i India og Kenya med vekt på den sosiale organiseringa og dei sosioøkonomiske aspekta ved strømforsyninga.
Prosjektet arbeider også med aktiv overføring av erfaringar mellom India, Kenya og Noreg om korleis solcellekraftverk kan settast i gang og organiserast i landsbyar som ligg langt frå viktig infrastruktur. Ein analyse av denne Sør-Sør-Nord-overføringa av kunnskap og løysingar blir gjennomført i løpet av prosjektet. Forskingsprosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd. Prosjektmedlemmane vil sette i gang ein lokal solkraftstasjon i landsbyen Ikisaya i Kenya i samarbeid med lokalbefolkninga for å skape eit eksempel som kan byggast vidare på av myndigheiter, firma og organisasjonar.
For meir informasjon om prosjektet, sjå dei engelske sidene for Solar Transitions.
I media
Sammen om solenergi
Solar Transitions er et internasjonalt samarbeid mellom akademia og mange eksterne aktører.
Publisert juni 2014
Og det ble lys
Aftenposten Innsikt har trykket en artikkel av journalist Christopher Olssøn om solenergiens betydning for de fattige.
Publisert november 2012
Sammen om solenergi
Det Samfunnsvitenskapelige Fakultet ved UiOs intern nyhetsavis publisert en artikkel om Solar Transitions prosjektet i januar 2011.