Critical Journalism in China

Status
Avslutta
Varigheit
01.07.2009–01.06.2013

Dette prosjektet om kritisk journalistikk i Kina undersøkjer korleis kritiske journalistar og aktivistar jobbar for å fremje problemorienterte saker i det offentlege ordskiftet.

Kontaktpersonar

Den hegemoniske rolla til dei kinesiske media er å vere talerør for kommunistpartiet. Gjennom den økonomiske reformprosessen har kinesiske media blitt mykje meir mangfaldige, og det har også oppstått meir kritisk og undersøkjande journalistikk. Parallelt har sosiale aktivistar tatt i bruk nye medium for å setje søkjelys på ulike samfunnsproblem, og dette skapar offentleg debatt. Prosjektet byggjer på intervju med kritiske journalistar og aktivistar og analyserer strategiane dei brukar for å utvide rommet for kritiske ytringar.

Deltakarar

Finansiering

Støttet av Forskningsrådet
English version of this page
Publisert 5. aug. 2025 13:32 - Sist endra 5. aug. 2025 13:32