Det samfunnsvitenskapelige fakultet

Årsrapport 2002
 

Innhald

Refleksjonar

Forsking

Fagleg leiing

Administrativ leiing

Fakultetsstyret

Hovudtal

Årsrapportar frå einingane

Forsking, studiekvalitet og internasjonalisering

Utvikling av nye studietilbod

2002 har vore prega av arbeidet med å utvikla nye studieprogram ved fakultetet. Av dei 11 bachelorprogramma fakultetet kjem til å tilby frå hausten 2003, byggjer seks på dei tradisjonelle fagdisiplinane, mens fem er nye, tverrfaglege studietilbod. Tidleg i 2002 vart det arbeidd mykje med strukturen i dei nye programma. I siste delen av året har fokus vore sett på dei emna som skal bli ein del av programma, og korleis ein skal greie intensjonane i reforma når nye undervisnings- og vurderingsformer skal innførast.

Fakultetet har vedteke å oppretta eit læringsmiljøsenter i tilknyting til lesesalane for studentar som tek den lågare graden. Eit slikt senter byggjer i korte trekk på ideen om at studentane skal finna så mange som mogeleg av dei tenestene dei treng i ein studiesituasjon på ein og same staden. Det gjeld då slike ting som informasjonstenester, IT-støttetenester og IT-baserte lærings- og ferdigheitsverktøy. Denne ideen er i tråd med dei krava Universitetet i Oslo har sett til oppfølginga av kvalitetsreforma og gjennomføringa av ein ny gradsstruktur. Sameleis kan ein òg på denne måten møta dei utfordringane universitetet står overfor når det gjeld å trekkja til seg fleire studentar, utvikla studiemiljøet og skapa digitale læringsmiljø. Framveksten av senter for læringsmiljø kan generelt hjelpa til med å modernisera studiemiljøet, særleg for studentar på lågare grad.

Økonomisk institutt har gjort samarbeidsavtalar med Høgskolen i Oslo og BI. Under føresetnad av at studentane tek utfyllande kurs, kan dei få høve til å gå vidare på masterstudiet ved Økonomisk institutt.

Forsking og formidling

Torbjørn Hægeland ved Økonomisk institutt fekk tildelt Kongens gullmedalje for doktoravhandlinga si, Human capital, earnings and productivity. Ann Vølstad fekk pris for framifrå kvinne- og kjønnsforsking for hovudoppgåva si i sosiologi. Hovudoppgåva hennar hadde tittelen ”Stemor, jeg?” – stemødres identitet og handlingsrom.

Geir Thomas Hylland Eriksen fekk Forskingsrådets formidlingspris for 2002. I grunngjevinga for pristildelinga står det mellom anna at ”han er en særlig aktiv formidler av sitt fag og sin kunnskap, et forbilledlig eksempel på at forskning, og til dels komplisert fagstoff, kan formidles i et forståelig og klart språk”.

ARENA-programmet blir ført vidare

ARENA-programmet fekk svært god omtale av eit internasjonalt evalueringspanel i samband med søknaden frå SFF (Senter for framifrå forsking), og kollegiet vurderte det hausten 2002 som eit av dei miljøa som det var særskild grunn til å satsa vidare på. Derfor vart det vedteke å halda fram med delar av verksemda, som eit permanent senter for studiar av europeisk integrasjon ved Det samfunnsvitskaplege fakultet.

Eit utettervendt fakultet

I 2002 har fakultetet mellom anna hatt desse arrangementa:

  • 10-årsjubileum for Oslo Summer School in Comparative Social Science Studies. Dei 9 profilerte kursa på doktorgradsnivå samla heile 145 deltakarar frå ca. 30 nasjonar. 2/3 av desse deltakarane var doktorgradsstudentar og 1/3 var unge forskarar. I tillegg heldt sommarskulen to jubileumsførelesingar av høvesvis professor Jon Elster og professor Lars Mjøset.
  • Den årlege Eilert Sundt-førelesinga, som denne gongen var ved professor Thomas J. Scheff frå Departement of Sociology, University of California at Santa Barbara, USA. Tittelen på førelesinga hans var Emotions and politics.
  • Aktualitetssymposiet, som er eit nytt undervisningstilbod på statsvitskap grunnfag som Institutt for statsvitskap byrja med i 2002. Det er særleg mynta på studentar som går på 2. semester. Seminaret er leidd av vitskapleg tilsette ved Institutt for statsvitskap, og det skal gje studentar og lærarar høve til å tenkja over og diskutera aktuelle politiske problemstillingar.

Internasjonalisering

Fakultetet har lagt stor vekt på internasjonalisering i 2002. I samband med innføringa av kvalitetsreforma skal alle studentar få tilbod om å få studera eitt semester i utlandet i løpet av bachelorgraden. Universitetet har som målsetjing at utvekslinga skal doblast innan 2006. For å laga eit breitt tilbod har fakultetet valt å leggja ansvaret for utveksling i bachelorstudiet på fakultetsnivået. Tidlegare har institutta hatt alt ansvaret for denne utvekslinga. Utveksling inneber også å ta imot utanlandske studentar. For å gje fakultetet betre høve til å ta imot utanlandske studentar har institutta utarbeidd fleire engelskspråklege emne som bachelorstudentane kan få tilbod om frå hausten 2003.

Publisert 12. okt. 2010 13:54 - Sist endret 10. mars 2014 13:04