Digitale kvardagsliv i bygde-Noreg

Kva rolle spelar digital teknologi for kvardagsliv i dagens bygde-Noreg?

Bildet kan inneholde: himmel, sky, snø, skråningen, reise.

Foto: Tom Bratrud

Slektskap, fysiske møteplassar og fellesmønstringar har tradisjonelt vore berebjelkar for sosialt liv i norske bygder. Ei rekkje tilhøve utfordrar likevel vitaliteten til bygdene: majoriteten av ungdom flyttar ut for utdanning og jobb utan å kome tilbake, familiedrivne gardsbruk blir lagde ned og lokalbutikkar, skolar og idrettslag flyttast til distriktssenter.

For gjenverande bygdefolk gjer internett det enklare å delta i interessebaserte fellesskap utanfor bygda, og nettet blir eit alternativ – og ein utfordrar – til tradisjonelle stadbaserte aktivitetar som har vore det sosiale limet på bygda. Digital teknologi kan på den måten begrense den stadsbaserte samhandlinga. Samstundes blir det skapt nye arenaar som bind folk i bygda saman, til dømes Facebook-grupper og emneknaggar på Instagram.

Mange bygder opplever også ei endring i befolkningssamansetjinga. Medan ungdom flyttar ut, kjem nye tilflyttarar til - særleg hyttefolk frå byane, arbeidsinnvandrarar frå EU-land og høgt utdanna urbane unge vaksne på jakt etter eit liv nærmare naturen. Denne mobiliteten mellom by og land blir i betydeleg grad gjort mogleg av digital teknologi: ein kan ha heimekontor på hytta, halde kontakt med familien i heimlandet, eller ha karriere og nettverk i byen samstundes som ein dyrkar nærleiken til verdiane på bygda.

Ved å undersøkje desse prosessane spør studiet: Kva rolle spelar digital teknologi for konstitueringa av sosialt liv på bygdene i dag, og kva blir dei sosiale, kulturelle, politiske og økonomiske konsekvensane?

Kontakt: Tom Bratrud

Publisert 2. juni 2021 09:29 - Sist endret 2. aug. 2021 13:10