English version of this page

Sosiale medium og mangfaldspolitikk

Kva moglegheiter kan digital teknologi tilføre mangfaldspolitikken i kultursektoren?

Bildet kan inneholde: rektangel, skrift, skjermbilde, multimedia, elektronisk apparat.

Foto: Cecilia Salinas

Denne studien granskar digitale strategiar som menneske i kultursektoren utviklar for å skape og påverke tilhøyrsle.

Medan fortrulege samtalar om utestenging i tida før digitaliseringa skjedde rundt kjøkenbordet heime, har desse samtalane no forflytta seg til nettet og treft det offentlege rom med stor kraft. Dette kjem særleg godt fram i kjølvatnet av George Floyds død og innverknaden han har hatt i Noreg.

Nordmenn med minoritetsbakgrunn og innvandrarar deler stadig oftare personlege erfaringar om utestenging og rasisme på digitale plattformer, der dei prøver å utfordre førestillinga om at det ikkje finst rasisme i Noreg. Digitale plattformer har høve til å utvide deltakingsområdet for samtalar som ikkje er svært offentlege, men heller ikkje heilt private.

Med dette i tankane lurer eg på kva slags politiske samtalefellesskap artistar og modellar i grupper på Instagram og Facebook – for menneske i kultursektoren – opprettar for å bygge opp att fellesskap og tilhøyrsle? 

Publisert 28. jan. 2021 12:38 - Sist endret 28. jan. 2021 13:05