English version of this page

Naturforvaltning, reindrift og digitalisert sosialitet utover det menneskelege

Denne studien er ei forlenging av det pågåande forskingsarbeidet i Finnmark av Marianne Lien, gjennom eit fokus på naturforvaltning og reindrift.

Bildet kan inneholde: reinsdyr, antler, wildlife, hjort, karrig grunn caribou.

Foto: Marianne Lien

Alt på 1960-talet forandra snøscooterane mobilitetsmønstra til reingjetarane og dyreflokkane. Parallelt med statleg koloniseringsprosessar og fornorsking, vart samiske folk meir bufaste og tilhøvet endra seg mellom menneske og dyr.

I dag brukast smarttelefonen, GPS-sporing, satellitt/luftfoto og digital merking av individuelle reinsdyr, både i viltforvaltning og i tamreinhald. Digitale verktøy mogleggjer fjernovervaking frå miljøstyresmakter, og kan mobiliserast i politiske prosessar knytte til utbyggingsplanar (vindkraft, mineralutvinning). 

Digitalisert overvaking kan påverke korleis menneske forstår landskap og dyr. Slike endringar er fokus i dette delprosjektet. Vi spør mellom anna: Korleis påverkar innblikka i reinsdyr sine «private liv» og deira gruppedynamikk (som elles er ute av syne) praksisane til reineigarane? Korleis påverkar digitaliseringsverktøy samspelet mellom menneske og dyr?

Publisert 4. juni 2020 13:28 - Sist endret 4. juni 2020 13:28