English version of this page

Emosjonelt og digitalt identitetsarbeid

Krysskulturalitet, klasse og kjønn blant unge vaksne i ein norsk storby.

Bildet kan inneholde: har, hodeplagg, hjelm, jeans, hodet.

Foto: Tuva Beyer Broch

Dette studiet følgjer opp urbane unge vaksne, som i tenåra deltok i doktorgradsprosjektet til Tuva B. Broch. No innlemar ho både deira nye og vel etablerte digitale sosiale nettverk. Fokus ligg spesielt på dei no unge vaksne sitt tilhøve til smarttelefonen.

For mange unge menneske eksisterer det tilsynelatande ikkje eit skarpt skilje mellom livet online og offline. Difor blir det viktig å undersøkje kva digitale plattformer har å seie for unge vaksne sitt kvardagsliv, til dømes i val av møteplassar, kroppslege rørsler og opplevingar av omgjevnader og venskap. I daglegdagse offline-verder blir ulike relasjonar ofte tilviste til ulike sfærar. Kva skjer med unge vaksne når ulike sfærar blir overskridne på nettet? Plutseleg har foreldre, professorar og arbeidsgjevarar tilgang til same informasjon om deg som dotter, student og arbeidstakar. Kvar kan vi identifisere det «private» i liva til dei unge vaksne? Kva blir delt med kven, og kva blir eventuelt halde tilbake frå digitale plattformer?

Studien søkjer også å sjå nærmare på korleis appar og informasjon tilgjengeleg via smarttelefonen endrar eller påverkar emosjons- og identitetsarbeidet til unge vaksne. Sist, men ikkje minst vil vi finne ut om det framleis eksisterer kva ein kan kalle eit betydeleg kjøkkenbordssamfunn online eller offline blant urbane unge vaksne?

Publisert 4. juni 2020 13:28 - Sist endret 4. juni 2020 13:28