Forord


Forord

Denne rapporten bygger på fleire forskings- og dokumentasjonsprosjekt om bruk av nasjonale symbol som er gjennomførde ved Forskingsavdelinga ved Diakonhjemmets Høgskole (DIAFORSK). Prosjekta har vore finansierte av Nordisk Ministerråd og Norges forskningsråd. I tillegg til eigne innsamla data, har vi også brukt data frå Norsk Samfunnsvitskapleg Datateneste.

Bak prosjekta står ei tverrfagleg forskargruppe: Brit Marie Hovland (historikar), Svein Ivar Angell (historikar), Ånund Brottveit (antropolog), Pål Ketil Botvar (sosiolog), Anne Schanche Kristoffersen (sosiolog), Barbro Blehr (etnolog), Inge Adriansen (museumsdirektør) og Olaf Aagedal (sosiolog/prosjektleiar). Rapporten til Maktutredninga er i hovudsak basert på idear og material frå dette stimulerande forskingssamarbeidet. Men ettersom ingen av desse prosjekta handlar direkte om forholdet mellom nasjonale symbol og makt, er bruken av resultata i forhold til Maktutredninga sine problemstillingar, noko eg sjølv står ansvarleg for.

Oslo, desember 2002

Olaf Aagedal


Publisert 25. nov. 2010 13:52