15. Epilog: Frå nasjonal festmiddag til maktpolitisk kvardag


15. Epilog: Frå nasjonal festmiddag til maktpolitisk kvardag

Den nasjonale familiemiddagen er over for denne gongen. Representantar for Storting og styringsverk går ut i Oslo-natta. Dei går ut på ein nasjonal symbolarena som kan framkalle mange assosiasjonar: 17. mai-feiringar, regjeringsskifte, brennande lys i snøen, bilturar ned Slottstrappa osv.

Men dei er også på veg tilbake frå festen til den politiske kvardagen. I morgon ventar maktkamp om budsjett og oljepengar. Nokre gjer seg kanskje også nokre tankar om forholdet mellom festen og kvardagen. Kva har dei eigentleg vore med på ? Eit hyggeleg med ubetydeleg avbrekk i Stortings-kvardagen? Ei pinleg tilsløring av politisk usemje og maktskilnader i det norske samfunnet? Eit mediashow? Eller slik kongen prøvde å framstille det: ei viktig fellesskapsoppleving som skaper tillit og er positiv for den politiske kvardagen?

Dette er spørsmål som kan reisast, og som blir reist, i forhold til bruk av nasjonale symbol og ritual meir generelt. Eit typisk trekk ved bruk av nasjonale symbol og riter er at dei skaper ein alternativ røyndom som er ulik kvardagsrøyndomen. Det er dette vi omtalar som feststemning, høgtid, helg. Spørsmålet blir då kva som er forholdet mellom denne festrøyndomen og det vi kallar kvardagen eller livet elles. Nasjonale symbol og ritual blir ofte brukt for å uttrykke og presentere viktige trekk ved vårt kollektive sjølvbilete. Det betyr at desse symbola og rituala primært må forståast som eit uttrykk for korleis vi ønskjer å sjå oss sjølv, og kan stå i kontrast til det andre seier er det ”sanne” eller ”reelle” biletet av korleis vi er. 17. mai-symbolet er her eit godt eksempel. Når nordmenn skal presentere seg sjølv grip dei ofte til barnetoget på 17. mai, og gjerne i den siste fleirkulturelle versjonen, som uttrykk for noko typisk norsk. Mange innvandrarar seier derimot at dette er den minst norske av alle dagar. Korleis skal vi så vurdere eit slikt symbol og eit slikt ritual? Er det eit falskt bilete som fungerer som opium for den norske folkesjela, - som ei tildekking av kvardagsrasisme på bustads- og arbeidsmarknaden? Eller er det eit ritual som framstiller ein utopi som gjev ”etniske norskingar” og nye etniske minoritetar erfaringar på at andre former for samvær og kommunikasjon mellom menneske med ulik hudfarge, er mogeleg og hyggeleg?

Slike spørsmål om forholdet mellom den nasjonale festrøyndomen og den maktpolitiske kvardagen er det mange av og kva ein svarer vil truleg både vere prega av personlege erfaringar og ideologiske overtydingar. Slik er det kanskje også med våre middagsgjester. Nokre har hygga seg og funne støtte for sitt syn på monarkiet, andre har vore med på noko på tvers av si overtyding og opplevd det heile som pinleg, medan andre igjen kanskje har kosa seg på trass av sitt prinsippielle syn på monarkiet. Slikt kan ein tenkje på medan samtalen enno går om mat, talar, antrekk og personar.

Det gjer den truleg også i Drammensveien 1 når kongen og dronninga tek kvelden. Men dei diskuterer kanskje også erfaringane frå det som for dei var dagens jobb. For som kongen sa det i sin tale: ”Det vi imidlertid har fått god trening til, er å stelle i stand selskapeligheter.” Saman med den tre timar lange vinkejobben på Slottsbalkongen 17. mai, var jobben i kvelden truleg ein av dei viktigaste i arbeidsåret.

For slik er det å ha ein symboljobb: Nasjonen sin fest er kongen sitt arbeid.


Publisert 25. nov. 2010 13:52