13. Nasjonale symbol og innvandring


13. Nasjonale symbol og innvandring

Eit anna fenomen som aktualiserer spørsmålet om nasjonal identitet i dei skandinaviske landa i dag, er auka innvandring. Dei nordiske landa har blitt betrakta som relativt etnisk homogene samfunn. Sjølv om internasjonal migrasjon og etnisk pluralisme ikkje er noko nytt, har vi likevel i løpet av dei siste tiåra fått langt sterkare innslag av nye etniske grupper i dei skandinaviske landa. Dette skaper nye rammer for oppleving av nasjonal identitet både for majoritetsbefolkninga og for dei nye etniske minoritetane. Det skaper også ein ny kontekst for bruk av nasjonale symbol og ritual. Vi har brukt dette som eit utgangspunkt for å sjå nærare på kva rolle nasjonale symbol og ritual spelar i kommunikasjonen mellom etniske grupper. Fungerer dei nasjonale symbola og rituala i Norge inkluderande eller ekskluderande overfor etniske minoritetar?

Som vi har peikt på tidlegare har nasjonaldagsfeiringa i Norge ei massiv oppslutning og er den dagen i året då alle dei offisielle nasjonale symbola blir flittig brukt (flagg, nasjonalsang, nasjonaldrakter, kongelege ritual etc.). Denne ”norskaste” av alle dagar kan såleis vere eit eigna utgangspunkt for å sjå på etniske minoritetar sitt forhold til det norske symbolgalleriet og på bruk av nasjonale symbol i ein fleirkulturell kontekst (Brottveit 2001a; 2001b).

For det første tydeleggjer innvandrarane sitt inntog på 17. mai arenaen spenningar i den norske identiteten mellom det vi har kalla ein ”etnos-tradisjon”, som definerer det nasjonale fellesskapet ut frå felles etnisk bakgrunn og kulturell likskap, og ein demos-tradisjon som forstår nasjonen som eit rettighetsfelleskap. Ut frå etnos-tradisjonen blir ”framandkulturell” deltaking i det norske nasjonaldagsritualet eit framandelement og ei forureining av det norske.

Ei tolking av nasjonal identitet som brukar nasjonale symbol og ritual til å reindyrke forestillinga om det etnisk norske er ikkje noko nytt i norsk historie. Nasjonal Samling brukte flagget, bunadssymbolet og 17. mai aktivt både før og under krigen (Hovland 2001:42-43). I etterkrigstida har nynazistiske grupper brukt det norske flagget saman med tradisjonelle nazisymbol for å kjempe for eit etnisk ”reint” Norge. Ut i frå ei slik forestilling om det norske blir innvandrarbarn i barnetoget ein provokasjon. Dette er bakgrunnen for at vi nettopp på nasjonaldagen har hatt fleire bombe- og drapstrugsmål mot nye etniske grupper si deltaking i nasjonaldags-paraden. Samstundes har dette utløyst motreaksjonar som bygger på ei alternativ forståing av nasjonen og nasjonaldagen som det er naturleg å sjå i forlenginga av ein ”demos-tradisjon” med vekt på like rettar for alle innanfor nasjonalstaten Norge. Ei slik fortolking av det nasjonale fellesskapet kan legitimerast ut frå den offentlege versjonen av 17. mai som ei feiring av fridom og demokrati for alle. Bombe-og drapstrugsmåla har blitt møtt med solidariske motaksjonar frå majoritetsbefolkinga si side. Dette kan tolkast som ei styrking av ”demos-sida” i den norske nasjonaldagstradisjonen.

Den pakistanske kvinna Rubina Rana sitt inntog i nasjonaldagsfeiringa i Oslo illustrerer både utstøytings- og integrasjonssida ved deltaking i nasjonale ritual. Då ho vart valt til leiar for 17. mai komiteen i Oslo og skulle gå først i toget og helse kongen ved Slottet, vart ho møtt med drapstrugsmål. Hennar vandring opp Karl Johan 17. mai 1999 kan tolkast som ein symbolsk maktkamp på den ”17. mai-norske” arenaen mellom dei som oppfatta dette som ei forureining av det norske, og dei som såg på det som ei utviding og fornying av det norske. Symbolkampen vart også understreka ved at ho som representant for ein etnisk minoritet også bar det norske ”bunadssymbolet”. At ho ikkje lot seg stoppe av drapstrugsmål, men gjennomførte ”symbolvandringa” med brei folkeleg støtte kan tolkast som ein ”modellerande bruk” av eit nasjonalt ritual. Hendinga bidrog til å endre 17. mai-symbolet og til å legge nye lag av meining til ”den 17. mai-norske arenaen”. I dag verkar eit bilete av eit barnetog med berre lyshuda og lyshåra norske barn litt bleikt og gamaldags.

Eksempelet med Rubina Rana og 17. mai er også interessant fordi det viser korleis nasjonale symbol og ritual kan fungere som eit språk i ein politisk diskusjon. På mange måtar kan vi tolke nasjonaldagsfeiringa som ein folkeleg rasismedebatt om kva vi legg i eit nasjonalt fellesskap. Debatten er folkeleg fordi mange deltek og gjennom si deltaking ytrar seg gjennom mange og kjenslelada uttrykksformer (klær, hudfarge, musikk, flagg, rop). Her kan kjensler og meiningar uttrykkast direkte utan å gå vegen om den argumenterande politiske og intellektuelle offentlegheiten. Nettopp fordi 17. mai feiringa uttrykker seg gjennom eit mangfaldig og kjenslelada språk, treffer feiringa oss på det område der vår nasjonale identitet og vårt forhold til andre blir utforma. Den går inn og bearbeidar den nasjonaliserte delen av kjenslelivet vårt. På denne bakgrunnen kan nasjonale ritual oppfattast som viktige institusjonar, som kan utfylle dei meir tradisjonelle politiske institusjonar i vårt demokrati, når det gjeld å handsame kulturelle og politiske konfliktar.

For det andre viser dette eksempelet korleis trekk ved ein feiringstradisjon i seg sjølv kan tvinge majoritetsbefolkninga til å opne feiringa for nye etniske grupper. Den norske nasjonaldagsfeiringa er tett samorganisert med skolen. Dermed blir alle barnefamiliar slusa inn i feiringa, dersom ein ikkje aktivt stenger nokon ute. Dette kjem særleg til uttrykk gjennom barnetog-tradisjonen der alle skolar og skolebarn skal kunne gå i barnetoget, det viktigaste ritualet på nasjonaldagen. Når spørsmålet om andre etniske grupper si deltaking dukka opp på grunn av auka fleirkulturalitet i skolane, hadde ein i realiteten ikkje noko val. Om ein ville oppretthalde tradisjonen måtte ein forandre den. Eit ”gamaldags” barnetog med berre born av etnisk norsk bakgrunn frå ein skole der elevmassen no var blitt etnisk samansett, ville signalisere ein ny form for nasjonalisme som i dag ville være vanskeleg å legitimere ut frå 17. mai-tradisjonen.

For det tredje viser analysen av nasjonaldagsfeiringa at bruken av offisielle nasjonale symbol kan ha paradoksale og uventa funksjonar i forhold til etniske minoritetsgrupper. Fleire har hevda at denne type nasjonaldagsmarkering er både meiningslaus og uheldig i fleirkulturelle samfunn fordi slike nasjonale ”orgier” styrker etnosentrisk nasjonalisme og blir opplevd som ein ubehageleg dag for våre nye landsmenn. Våre resultat tyder på at biletet er annleis og meir samansett. Som vi har sett kan nasjonaldagsfeiringa brukast for å styrke forestillinga om det typisk norske og ekskludere personar som ikkje passar inn i denne. Men fleire innvandrarar seier at den dagen som nordmenn opplever som den norskaste av alle, opplever dei som den mest unorske og atypiske. Folkelivet, musikken og støyen i gater og på samlingsplassar er unorsk og gjev heller assosiasjonar til dei landa dei sjølv kjem frå. ”Hornmusikken er flott! Det er så stille ellers. Når korpsene spiller blir det liv. Det er noe jeg assosierer med bryllupsmusikk i Pakistan” (Rana 2001). Barna si deltaking i nasjonaldagsparaden og kongen si vinking frå slottsbalkongen blir av fleire nemnt som invitasjonar inn i det nasjonale fellesskapet (Kristoffersen 2000). Det ser ut som om det er lettare å delta for etniske minoritetar i dette ritualet, som blir feira idet det offentlege romet og blir oppfatta som ikkje-religiøst, enn i det norske juleritualet som foregår i familiekretsen og har eit religiøst grunnlag.


Publisert 25. nov. 2010 13:52