3. ANALYSE AV KAPITALSTRUKTURAR I DET NORSKE SOSIALE ROMMET


Som vi har gjort greie for ovanfor, er eit sosialt rom altså å forstå som ein vekta syntese av dei mest sentrale felta med omsyn til genese, reproduksjon og distribusjon av ulike former for kapital i eit gjeve samfunn. Ein konstruksjon av dette rommet krev følgjeleg ein langt meir omfattande analyse enn vi har høve til å gjere innanfor rammene av denne rapporten. Analysen som følgjer nedanfor er derfor ikkje å forstå som ein konstruksjon av det norske sosiale rommet i streng forstand, men må snarare gjevast status som ei kvalifisert gjetting om kva hovudopposisjonar ein finn i dette rommet. Først vil vi kort gjere greie for grunnprinsippa som ligg til grunn for den statistiske analyseteknikken som i det alt vesentlege vil verte nytta i denne rapporten.


Publisert 25. nov. 2010 13:52