Sjølvstyre på historisk lågmål


Vernet av kommunen og det kommunale sjølvstyret har vore sterkt, men deira opphøgde status kan vere i ferd med å forvitre.
- I eit hundreårsperspektiv er idealet om det lokale sjølvstyret på eit historisk lågmål, seier maktforskar Yngve Flo.



Yngve Flo

Forskaren, som er tilknytt Rokkansenteret ved Universitetet i Bergen, står bak rapporten "Det lokale og det nasjonale" frå Makt- og demokratiutgreiinga. Rapporten gjer eit djuptgåande dukk i kjelder frå meir enn 100 års ordskifte knytt til utforminga av det lokale og det regionale styringsverket. Yngve Flo har teke føre seg dei ulike visjonane som har eksistert når det gjeld denne delen av styringsverket, som både femnar om kommunale organ og det statlege distriktsapparatet, heilt sidan inngangen til 1900-talet.

Tvitydig rolle
Brorparten av rapporten tek føre seg striden kring den norske kommunen, ein strid som gjennomgåande har vore prega av det tvitydige ved denne institusjonen.
- Kommunen har både vore lokal og nasjonal, og både eit sjølvstendig politisk organ og ein meir eller mindre integrert del av det statlege styringsverket - som eit underordna administrativt organ. Striden har gjeve seg til kjenne i form av ulike førestellingar om graden av nasjonal integrasjon og lokal handlefridom, seier Flo.

Kommunalt sjølvstyre
Det kommunale sjølvstyret er framleis eit plussord i den politiske retorikken. Men Flo hevder at den genuine tiltrua til det lokale sjølvstyret - i eit hundreårig perspektiv - synes å vere på eit historisk lågmål.
- Granskinga av kjelder frå dei siste tjue åra peikar mot at den lokale handlefridomen og lokaldemokratiet har fått ein annan og meir negativ funksjon enn tidlegare. Trass i at visse verdiar ved sjølvstyret enno står høgt i kurs på det retoriske planet, vert dei i langt større grad enn tidlegare sett opp som motsetnader til velferd, likskap effektivitet og individuelle rettar. I denne konkurransen tapar omsynet til sjølvstyret terreng.

Effektueringskommunen
Frå 80-talet og fram til i dag synest eit nytt kommuneideal å ha vakse fram. Tidlegare var det ein klar ambisjonen om å nytte den lokale handlefridomen som ei progressiv kraft, som ein reiskap for til dømes å spreie velferda så vidt som mogleg. Flo meiner denne ambisjonen er kraftig svekka.

- Det nye kommuneidealet kan omtalast som effektuerings-kommunen. Fjernt frå alle vakre ord om det kommunale sjølvstyrets positive verdiar, inneber dette at kommunen skal effektuere den politikken som detaljglade rikspolitikarar pålegg dei. Den eldre aksepten for lokale variasjonar og ambisjonen om å ikkje styre kommunen så alt for nærgåande, er vorten erstatta av ein bastant motvilje mot alt som luktar av ulikskap.

Forskaren eikar på at bruken av "strenge" styringsverkemiddel overfor kommunal sektor, som den såkalla rettighetslovgjevinga er eit døme på, gjer at lokalpolitikken lyt vike plassen på område der han tidlegare hadde noko å seie.
- Resultatet er at det er langt mindre som skil kommunen frå eit anna statleg forvaltningsorgan.

Framtidskommunen
Yngve Flo slår òg fast at vi ser ut til å vere inne i ein spesielt formativ periode.
- Viljen til å gjere til dels drastiske inngrep i måten det lokale og regionale styringsverket er organisert på synest vere uvanleg høg.

Rapporten hevdar at fylkeskommunen truleg vil verte avskaffa som politisk nivå. Flo trur ikkje det same vil skje med kommunen, men framtidskommunen kan kanskje sjå fundamentalt annleis ut enn dagens.

- Spissformulert kan vi seie at dagens rikspolitikarar ynskjer kommunen som administrativt organ for staten, og dei ynskjer han òg som eit folkevalt, demokratisk organ, ikkje minst for å sikre legitimitet og rekruttering. Men denne kommunen bør helst ikkje drive for mykje med politikk, iallfall ikkje når han handlar på vegne av staten, det større fellesskapet. Ei ordning med politikarar som ikkje får drive politikk er i lengda ikkje tilfredsstillande, og ynsket om å setje i verk drastiske reformer kan vekse seg sterkt.

Drastisk løysing
Flo meiner at det mest drastiske løysinga på dette dilemmaet kan verte at staten sjølv tek over dei store, tunge oppgåvene som kommunen tidlegare har løyst på vegne av staten. På denne måten vil vi kanskje få ein relativt autonom kommune, ein kommune som fullt ut vil drive med det som udiskutabelt er genuint lokale saker, og som vil vere avlasta for ei rekkje byrdar. Velferdsstaten vil såleis kunne frigjere seg frå kommunen.

- Ei slik løysing vil innebere at vi tek farvel med det som historisk har vore den viktigaste styrken ved kommunen, nemleg at han har vore eit bindeledd mellom det lokale og det nasjonale. Sjølv om ein i ein viss forstand kan hevde at den lokale handlefridomen og lokaldemokratiet ville verte gjenreist, vil ei lang rekkje viktige verdiar gå tapt gjennom ei slik løysing.


Publisert 25. nov. 2010 13:52