Slovakia: eit val i skuggen av eurokrise og Gorillafiler

Med 44,4 prosent av stemmene og 83 av 150 mandat er sosialdemokratane Smer-SD den suverene vinnaren av parlamentsvalet i Slovakia. Den store taparen er statsminister Iveta Radičovás parti Slovakisk demokratisk og kristen union (SDKÚ-DS). Det går dermed mot regjeringsskifte.

"Gorillaer rundstel Slovakia, der folk lever på minimal lønn. Ikkje stem på gorillaer, stem på folk”. Valplakat frå 99% borgarar, som ikkje kom inn i parlamentet. Foto: Volebný infoservis, Billboardy a pútače http://www.infovolby.sk/

Vedtaket om å oppløyse parlamentet og skrive ut nyval vart fatta etter at statsminister Radičová 11. oktober i fjor stilte kabinettspørsmål på utviding av EUs stabilitetsfond EFSF – og tapte. Tre av partia i koalisjonsregjeringa hennar var for, og Radičová stilte kabinettspørsmål i eit siste (fåfengt) forsøk på å få også Richard Sulíks parti Fridom og Solidaritet (SaS) til å støtte forslaget. Det største opposisjonspartiet Smer-SD var samd med regjeringa i sak, men ville ikkje gje fleirtal for utviding av stabiliseringsfondet før etter at det var skrive ut nyval. Radičová vann dermed kampen om stabiliseringsfondet, men tapte regjeringsmakta.

Kristendemokratane KDH var det einaste av regjeringspartia som gjekk fram, og vart med sine 8,8 prosent det største partiet på høgresida. Det liberale partiet Fridom og Solidaritet (SaS) som berre har vore representert sidan 2010, gjekk kraftig tilbake, medan tilbakegangen for det ungarske partiet Most–Hid (bru) var mindre. Til saman gjekk regjeringspartia tilbake 16,4 prosentpoeng, og over halvparten skuldast nedgangen for SDKÚ-DS (tabell).

Tabell: Tidleg val i Slovakia, 10. mars 2012

Parti Stemmer (%) +/- Mandat +/-
Sosialdemokratane (Smer-SD) 44,4 +9,8 83 +21
Kristendemokratiske rørsle (KDH) 8,8 +0,3 16 +1
Vanlege folk* og uavhengige (OL'aNO 8,6   16 +12
Bru (Most-Hid) 6,9 -1,2 13 -1
Slovakisk demokratisk og kristen Union (SDKÚ-DS) 6,1 -9,3 11 -17
Fridom og Solidaritet (SaS) 5,9 -6,2 11 -7
Slovakisk nasjonalt parti (SNS) 4,6 -0,5 0 -9

* Stilte på lista til SaS i 2010, sjå her meir informasjon.

Det var likevel færre endringar i partisamansetjinga i parlamentet enn i jordskjelvvalet i 2010, og veljarvolatiliteten var lågare. Eitt parti fall under sperregrensa: det Det slovakiske nasjonale partiet (SNS), medan eitt nominelt nytt «parti» kom inn: Vanlege folk og uavhengige. Fire av kandidatane til Vanlege folk, inkludert partileiaren, stilte på dei fire siste plassane på lista til SaS i 2010, og kom inn via preferansestemmer. Vanlege folk er ikkje eit parti i konvensjonell forstand, men ei gruppe enkeltpersonar som etter det partileiar Igor Matovič seier vil stemme som det passar dei i parlamentet, avhengig av kva for saker som står på dagsorden. Han stod også denne gongen sist på lista, men vart kumulert inn av veljarane.

Valkampen: Gorilla til besvær

Det var venta at valkampen skulle dreie seg om eurokrisa i mykje større grad enn det som faktisk vart tilfelle. Ved sidan av SaS gjekk også SNS imot utvidinga av EUs krisefond. Eit klart fleirtal av veljarane til begge parti var mot at Slovakia skulle bidra til dette krisefondet, og det same gjeld veljarane til ei nydanna borgarrørsle som kallar seg 99% borgarar. Både SNS og SaS hadde valplakatar der dei tok opp temaet, men 99% borgarar hadde den mest gjennomførte kampanjen mot deltaking i krisefondet. Veljarane snudde ryggen til alle tre parti: SaS greidde berre så vidt sperregrensa med 5,9 prosent; SNS fekk 4,6 prosent og 99% prosent borgarar berre 1,6 prosent.

Det som meir enn noko anna kom til å prege valkampen var dei såkalla Gorillafilene. Rett før jul vart det kjent at slovakisk etterretning (SIS) i perioden 2005–2006 hadde avdekt korrupsjon heilt opp på regjeringsnivå gjennom å avlytte samtalar mellom ein namngjeven forretningsmann og høgtståande slovakiske politikarar. Politikarar hadde bl.a. fått «provisjon» i samband med privatisering av statleg eigedom. Utskrifter av desse samtalane vart lagt ut på internett og sendt til utvalde media. Avlyttingsoperasjonen hadde kodenamnet Gorilla – derav namnet. Bråket rundt Gorillafilene førte til dei største massedemonstrasjonane i Slovakia sidan fløyelsrevolusjonen i 1989, med opp i 15.000 frammøtte i Bratislava. Skandalen ramma høgresida hardast, og særleg SDKÚ-DS, som hadde statsministeren i den perioden som avlyttinga føregjekk.

Dei siste dagane før valet vart det avslørt at dei same forretningsinteressene som var involvert i korrupsjonsskandalen knytt til Gorilla-filene også hadde finansiert 2006-valkampen til Smer-SD, men dette ser ikkje ut til å ha påverka oppslutninga om partiet negativt.

Derimot fekk 99% borgarar problem med tilliten etter at det vart innleia politietterforsking av underskriftslistene som partiet hadde levert før valet. Den slovakiske vallova tillet berre registrerte parti å stille til val, og for å bli registrert trengst minst 10.000 underskrifter. Det verserte historier i media om folk som stod på listene til 99% borgarar utan sjølve å vite om det, og verre: folk som hadde vore daude i fleire år. Desse avsløringane gjekk dårleg saman med valkampanjen til 99% borgarar, som fokuserte på fusk og fanteri i dei gamle partia. Det verkar som nokon av dei som vart betalt for å samle underskrifter har tatt snarvegar.

Kva betyr valet for partisystemet?

På 1990-talet var slovakisk politikk dominert av fem parti: Vladimír Mečiars Rørsla for eit demokratisk Slovakia (HZDS) var det største partiet i alle val fram til 2002 og utgjorde saman med SNS den nasjonalpopulistiske polen i slovakisk politikk. Partia på borgarleg-demokratisk side spente over heile det ideologiske spekteret frå venstre til høgre og omfatta ekskommunistane i Demokratisk Venstreparti (SDĽ), dei katolske dissidentane i KDH og Ungarsk Koalisjonsparti (MKP), som organiserte den ungarske minoriteten, i tillegg til nokre mindre parti. På 2000-talet har to parti som vart etablert rundt tusenårsskiftet dominert slovakisk politikk: Smer (retning) vart grunnlagt av Robert Fico i 1999 som eit populistisk sentrumsparti, og SDKÚ sprang ut av Slovakisk Demokratisk Koalisjon (SDK), ein brei valallianse av fem parti danna før valet i 1998. Slovakia har dessutan hatt nokre døgnfluger som har vore inne i eitt val, for så å forsvinne igjen.

  • Fire av dei fem partia som dominerte på 1990-talet er nå ute av parlamentet. Berre KDH held stand. SDĽ ramla under sperregrensa i 2002 og slo seg saman med Smer-SD i 2005. SNS fall ut av parlamentet for første gong i 2002, og nå igjen i 2012.  Dei to siste, HZDS og MKP, ramla under sperregrensa ved jordskjelvvalet i 2010. Partiet til Mečiar fekk under 1 prosent av stemmene i 2012-valet og er etter alle solemerke ute av slovakisk politikk for godt.
  • Dette betyr også at den nasjonalpopulistiske polen nærmast er utradert, og parti som spelar på nasjonale/etniske strengar har gjort sitt dårlegaste val nokosinne. Med motpolane SNS og MKP ute av parlamentet, er det nå berre Most–Híd som representerer den etniske dimensjonen, og dette partiet står for samarbeid mellom ungararar og slovakar. Ei valundersøking frå forskingsinstituttet IVO viser at etniske motsetnader står lågt på dagsordenen for tida; berre 6 prosent av dei spurde oppfattar dette som viktig, noko som er ei halvering sidan 2010.
  • Valet bekreftar at høgre–venstredimensjonen er den dominerande konfliktdimensjonen i slovakisk politikk, men styrkeforholdet mellom høgre- og venstresida har endra seg dramatisk sidan tidleg på 2000-talet. Etter fire år i ein regnbogekoalisjon dominert av sentrum–høgreparti vart venstresida nesten utradert ved valet i 2002, samtidig som dei nasjonalpopulistiske partia gjekk tilbake. Dette gav grunnlag for danninga av ei fleirtalsregjering av sentrum–høgreparti, som vidareførte dei påbegynte økonomiske reformene. Ved valet i 2006 presenterte Smer seg som det einaste venstreorienterte alternativet til den sitjande regjeringa, og vann valet, men fekk ikkje nok stemmer til å danne regjering aleine. Det greidde Smer-SD altså denne gongen, og i løpet av ti år har Slovakia dermed gått frå ein situasjon der venstresida låg med brekt rygg til ein situasjon der eit sosialdemokratisk parti har reint fleirtal i parlamentet, samtidig som høgresida er meir fragmentert enn nokon gong. Eit generelt problem for slovakiske sentrum–høgrekoalisjonar både i perioden 2002–2006 og i den siste regjeringsperioden har vore indre spenningar både i økonomiske spørsmål og langs den religiøse og etniske dimensjonen.
  • Endringane i partisystemet er mindre i dette valet enn i 2010, og volatiliteten er tilbake på vanleg slovakisk nivå. Det einaste partiet som ramla ut (SNS), gjekk faktisk tilbake med berre 0,5 prosentpoeng, og det nye partiet som kom inn, var ikkje heilt nytt, i og med at fire av kandidatane til Vanlege folk vart valde på lista til SaS i 2010. Partisystemet er likevel ikkje heilt stabilt, og volatiliteten i Slovakia er jamt over høgare enn det som er vanleg i Vest-Europa. Så var også tilfelle i dette valet.

Sett frå ein statsvitskapleg synsvinkel er det overraskande at bråket rundt Gorillafilene ikkje fekk større konsekvensar for dei gamle partia. Valdeltakinga på 59,1 prosent var også høgare enn venta. Noko av forklaringa på det første er at to av dei partia som sat i regjering i 2005–2006 og som var mest berørt av Gorillafilene hadde falle ut av parlamentet i tidlegare val; Pavol Ruskos Alliansen for den nye borgar (ANO) i 2006 og det ungarske partiet MKP i 2010. Smer-SD gjekk klar av korrupsjonsskuldingane, i og med at det berre var snakk om valkampstøtte. Partiet har nok også profitert på misnøye med korleis regjeringa har handtert den økonomiske krisa.

Det mest bekymringsfulle trekket ved slovakisk politikk er kanskje at det stadig kjem inn slike «parti» som Vanlege folk, som knapt har medlemar og dessutan manglar eit tydeleg program. Eit viktig prinsipp i eit parlamentarisk demokrati er at veljarane kan halde representantane sine ansvarlege, men det er vanskeleg når representantane ikkje er forplikta på eit klart program og det er ingen til å kontrollere at programmet faktisk blir følgd.

Emneord: Slovakia Av førsteamanuensis ved Institutt for statsvitenskap, Universitetet i Oslo, Elisabeth Bakke
Publisert 13. mars 2012 14:45 - Sist endret 14. mars 2012 09:48