Protokoll fra Instituttstyremøtet onsdag 13. desember 2000

Møtet ble satt 13. desember 2000, kl. 14.15, Rom 725 ESH, og hevet kl. 16.00.

Tilstades: Lise Kjølsrød (møteleiar), Arne Mastekaasa, Karin Widerberg, Lars Mjøset, Dag Album, Hege M. Knutsen, Terje Wessel, Pål Meland (for Einagel), Camilla Arveschoug, Ragnhild Fugletveit, Siri Willumsen, Susan Powers, Gudleik Grimstad (ref)

Forfall: Tove Thagaard, Tone Schou Wetlesen, Thomas Sandvik

SAK 1
Saksnr. 47/2000
Godkjenning av protokoll frå instituttstyremøtet 11. oktober 2000 (sendt ut tidlegare) og innkalling til instituttstyremøtet 13. desember 2000. Eventuell inhabilitet i høve til saker som skal handsamast i møtet

Instituttstyret godkjenner protokoll frå møtet 11. oktober og innkalling til møte 3. desember.

Arne Mastekaasa var ikkje til stades under handsaminga av sak 56/00.

          

Orienteringssaker

O-SAK 1
Saksnr. 48/2000 A
Program for instituttseminaret på Soria Moria 19. desember 2000

Instituttstyret tek orienteringa til etterretning.

          
O-SAK 2
Saksnr. 48/2000 B
Bemanningsstruktur vitskaplege stillingar

Instituttstyret tek orienteringa til etterretning og oversender brevet, med dei rettingar som kom fram i møtet, til fakultetet.

          
O-SAK 3
Saksnr. 48/2000 C
Forslag til ny karakterskala basert på bokstavar

Brevet til fakultetet reflekterer ei strengare haldning til relativ forankring enn det Samfunnsgeografi ynskjer å gå inn for. Samfunnsgeografi går inn for å gje løyve til ein større andel A'ar og B'ar på hovudfagsnivå, der studentane spesialiserer seg, enn på lavare nivå.

          
O-SAK 4
Saksnr. 48/2000 D
Innstilling til stilling som førsteamanuensis i sosiologi

Instituttstyret tek orienteringa til etterretning. Instituttstyrar får fullmakt til å utnemne representativ gruppe mellom instituttstyret (innstillingsorganet) sine medlemmer til å vurdere dei innstilte kandidatane med omsyn til "personlig egnethet" for stillinga (jf. § 9 i "Regler om framgangsmåten ved tilsetting i førsteamanuensisstillinger ved Universitetet i Oslo").

          

Ordinære saker

V-SAK 1
Saksnr. 49/2000
Kallelse av professor II - Sosiologi

Vedtak: Instituttstyret sluttar seg til fagstyret sitt vedtak om å kalle Grete Brochmann som professor II i sosiologi for tre nye år.

Saka vert oversendt fakultetet for vidare handsaming.

          
V-SAK 2
Saksnr. 50/2000
Innstilling til to stipendiatstillingar i sosiologi

Vedtak: Instituttstyret innstiller følgjande søkjarar i prioritert rekkefølgje:

  1. Kjellman, Kjell Erling
  2. Nauni, Anila

Dersom søkjar nr 1 og/eller 2 skulle trekkje seg, ber instituttstyret om at falkultetet returnerer tilsetjingssaka til instituttet for ny vurdering.

Saka vert oversendt fakultetet for vidare handsaming.

          
V-SAK 3
Saksnr. 51/2000
Innstilling til stilling som stipendiat i samfunnsgeografi

Vedtak: Instituttstyret innstiller følgjende søkjarar i prioritert rekkefølge:

  1. Sæther, Elin
  2. Wiik, Karin
  3. Jensen, Kari Bolstad

Dersom søkjar nr 1, 2 og 3 skulle trekkje seg, ber instituttstyret om at falkultetet returnerer tilsetjingssaka til instituttet for ny vurdering.

Saka vert oversendt fakultetet for vidare handsaming.

          
V-SAK 4
Saksnr. 52/2000
OMGJORT TIL ORIENTERINGSAK. SJÅ SAK 48/00 D.
          
V-SAK 5
Saksnr. 53/2000
Studieplan - Grunnfag i tverrfagleg informatikk (TVI)

Vedtak: Instituttstyret godkjenner studieplan for vekttalsmodul TVI, med 2 vekttal Websosiologi og 1 vekttal Geografiske informasjonssystem (GIS), til saman 3 vekttal frå Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi. Den samfunnsvitskaplege 5 vekttal påbyggjingsvarianten av TVI har i tillegg eit 2 vekttals bidrag frå TIK, som også administrerer den samfunnsvitskaplege modulen.

Instituttstyret ber om at det vert innarbeidd sidetal for tekstutdrag i pensumliste for websosiologi/samfunnsinformatikk. Saka vert oversendt fakultetet for vidare handsaming.

          
V-SAK 6
Saksnr. 54/2000
Søknad om forskingstermin I

Vedtak:
Instituttsyret sluttar seg til fagstyret si innstilling og innvilgar professor Per Otnes 6 månader forskingstermin våren 2000.

          
V-SAK 7
Saksnr. 55/2000
Søknad om forskingstermin II

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til fagstyret si innstilling og innvilgar amanuensis Ingar Roggen 6 månader forskingstermin våren 2000.

          
V-SAK 8
Saksnr. 56/2000
Fritak frå arbeidsplikt

Vedtak: Instituttstyret innvilgar Håvard Helland fritak frå
undervisningplikta for perioden han har forskingsopphald i Berkeley - dvs frå og med 1.1.01 til og med 31.12.01, til saman 12 månader.

          
V-SAK 9
Saksnr. 57/2000
Møteplan for institutt- og fagstyre våren 2001

Vedtak: Instituttstyret godkjenner forslaget til møteplan for våren 2001.

          
V-SAK 10
Saksnr. 58/2000
Eventuelt

Ingen saker melde.

          
Publisert 27. sep. 2010 09:46