Protokoll fra Instituttstyremøtet onsdag 5. mai 1999

Møtet ble satt 05. mai 1999, kl. 14.15, Rom 725 ES, og hevet kl. 15.30.

Lise Kjølsrød (styrar), Terje Wessel, Hege Knutsen, Dag Album, Tone Schou Wetlesen, Karin Widerberg, Bård K. Engen, Jørgen Carling, Anne-Margrethe Sønneland, Katrine Teigen, Kirsten S. Willadsen, Selma Therese Lyng, Tove Thagaard, Arne Mastekaasa, Gudleik Grimstad (ref), Dag Gjestland (innkalla observatør)

Forfall: Ole Jørgen Skog

SAK 1
Saksnr. 19/1999
Godkjenning av protokoll frå instituttstyremøtet 3. mars 1999

Godkjenning av protokoll frå instituttstyremøtet 3. mars 1999 (sendt ut tidlegare) og innkallinga til instituttstyremøtet 5. mai 1999. Eventuell inhabilitet i høve til saker som skal handsamast i møtet.

Av omsyn til innkalla observatør (ny leiar av Prosjektforum, universitetslektor Dag Gjestland), vart SAK 22/99 handsama før SAK 21/99.

          

Orienteringssaker

O-SAK 1
Saksnr. 20/1999 A
AU-seminaret på Rosendal 28. og 29. april -99

Styrar orienterte.

          

Ordinære saker

V-SAK 1
Saksnr. 21/1999
Søknad om 80% permisjon utan løn frå professorat samfunnsgeografi

Vedtak:
Instituttstyret tilrår at Bjørn Terje Asheim vert innvilga 80% uløna permisjon frå professoratet sitt ved Samfunnsgeografi i perioden frå 1.7.99 til og med 31.12.2001 for å arbeide ved Senter for teknologi, innovasjon og kultur (TIK).

Dei resterande 20% av tida Asheim framleis er knytt til instituttet, skal takast ut på vanleg måte i form av undervisning og rettleiing (sjå vedlagte brev frå Asheim).

Saka vert sendt over til fakultetet for vidare handsaming.

          
V-SAK 2
Saksnr. 22/1999
Prosjektforum. Framtidig organisatorisk tilknyting

Vedtak:
Instituttstyret ber styrar innleie forhandlingar med sikte på snarleg overføring av Prosjektforum til Senter for teknologi, innovasjon og kultur.

          
V-SAK 3
Saksnr. 23/1999
Kunngjering av ledig universitetsstipendiatstilling (SKO 1017) i Sosiologi

Vedtak:
Det er vurdert slik at det er økonomisk forsvarleg å lyse ut denne stipendiatstillinga. Instituttstyret vedtek den framlagte kunngjeringsteksten for stipendiatstilling i sosiologi, og sender saka over til fakultetet for vidare handsaming.

          
V-SAK 4
Saksnr. 24/1999
Vurdering frå sakkunnig komite. Professorat i sosiologi

Instituttstyret tek vurderinga frå den sakkunnige komiteen og forslaget til rangering av søkjarane til professoratet i sosiologi, til etterretning.

Saka vert sendt over til fakultetet for vidare handsaming.

          
V-SAK 5
Saksnr. 25/1999
Utlysing av vikariat som førsteamanuensis (SKO 1011) innanfor økonomisk geografi

Vedtak:
Det er vurdert slik at det er økonomisk forsvarleg å lyse ut vikariatet som førsteamanuensis i økonomisk geografi. Instituttstyret godkjenner den framlagte kunngjeringsteksten for vikariatet, og sender saka over til fakultetet for vidare handsaming.

          
V-SAK 6
Saksnr. 26/1999
Eventuelt

Visestyrar orienterte om at II-stilling ved samfunnsgeografi vert lyst ut som Professor-II, og at den difor må til handsaming i Det akademiske kollegium før utlysing.

          
Publisert 27. sep. 2010 09:46