Protokoll fra møte i ...

Protokoll

Møtet ble satt 05. mars 2003, kl. 14.15, Rom 725 ESH, og hevet kl. 16.20.

Til stades: Geir Høgsnes (møteleiar), Dag Album, Regi Enerstvedt,
Willy Pedersen, Kjartan Lindøe, Joachim Svendsen, Gudleik Grimstad (ref)


Frå administrasjonen: Førstekonsulent Cecilie Wingerei Lilleheil

SAK 1
Saksnr. 13/03
Godkjenning av protokoll frå fagstyremøtet 15.1.03 og innkalling til fagstyremøtet 5.3.03. Eventuell inhabilitet i høve til saker som skal handsamast i møtet. Saker under eventuelt.

Alle studiesaker er programstyra sitt ansvar. I vedtak som gjeld
studieprogramma er difor fagstyrevedtak bytt ut med
programstyrevedtak. Medlemmene i fagstyret er dei same som medlemmene
i programstyret.

          

Orienteringssaker

O-SAK 1
Saksnr. 13/03 A
Institutt og fagstyrerepresentantar 1.1.03-31.12.03

Fagstyret tok orienteringa til etterretning.

          
O-SAK 2
Saksnr. 13/03 B
Utnemning av arbeidsgruppe i samband med gjennomgang av informasjonsarkitekturen på instituttet sine websider

Fagstyret tok orienteringa til etterretning.

          

Diskusjonssaker

D-SAK 1
Saksnr. 13/03 C
Høyring - ”Styrking av universitetets beslutningskapasitet og handleevne – Konsekvenser for styring og ledelse”

Fagstyret tok orienteringa til etterretning, og kjem attende til saka
i møtet 2. april 2003 når rektor sitt høyringsbrev ligg føre.

          

Ordinære saker

V-SAK 1
Saksnr. 14/03
Søknad om forskingstermin for haust 2004 og vår 2005 – professor Ivar Frønes

Vedtak:

Fagstyret tilrår at professor Ivar Frønes får godkjent søknaden om
forskingstermin haust 2004 og vår 2005. Saka vert sendt vidare til
instituttstyret.


Fagstyret ber om at administrasjonen ved framtidige søknadar om
forskingstermin frå tilsette legg fram samla oversikt over gjevne og
føreståande forskingsterminar. Omlegging til 2 og 3-årige
studieprogram krev auka merksemd om læringsressurssituasjonen.

          
V-SAK 2
Saksnr. 15/03
Årsplan for 2003

Vedtaksforslag:

Fagstyret sluttar seg til forslaget til årsplan for 2003. Med dei
endringar og tillegg som kom fram i møtet. saka vert oversendt
instituttstyret.

          
V-SAK 3
Saksnr. 16/03
Prinsipp for bruken av stillingskategorien professor II i sosiologi

Vedtak:

Fagstyret sluttar seg til følgjande prinsipp for tilsetjingar i
stillingar som professor II i sosiologi:

Strategiske omsyn – Instituttet ynskjer å bruke professor II
stillingane til styrke eksternt kontaktnett og utvikle kontakt med
viktige fagmiljø

Forskingsbehov – Instituttet ynskjer å bruke professor II stillingane
til å bygge, styrkje eller stimulere forskingsmessige satsingsområde

Kjønnsmessig utjamning – Det er eit mål å auke kvinneandelen i
vitskaplege stillingar. Instituttet skal ved utlysing/tilsetjing av
professor II stillingar etterstreve kjønnsmessig utjamning.

          
V-SAK 4
Saksnr. 17/03
Programplan for Bachelor og Master i Sosiologi ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi (Lærings-, undervisnings- og vurderingsformer)

Vedtak:

Programstyret sluttar seg til forslaget til programplan (Lærings-,
undervisnings- og vurderingsformer) for Bachelor og Master i
Sosiologi ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi.


Leiar for programstyret har fullmakt til å gjere naudsynte rettingar
og mindre endringar fram mot leveringsfristen sett av fakultetet den
24. mars 2003.03.07


Programstyret ber om at det vert utgreidd korleis studentar som av
ulike årsaker ikkje kan etterkome programma sine krav til aktiv
deltaking kan ivaretakast.

          
V-SAK 5
Saksnr. 18/03
Høyring – ”Opptakskrav og rangeringsreglar for Mastergradsprogram”

Vedtak:

Programstyret sluttar seg til høyringsuttaling oversendt fakultetet
på styrarfullmakt via e-post 4. mars 2003:


”Instituttet sluttar seg i hovudsak til fakultetet si høyringsfråsegn
med omsyn til opptakskrav på 120 studieponeg og C som ei nedre
karaktergrense.


Vi har desse tilleggsmerknadane:

1) Fakultetet foreslår at 120-gruppa, dvs 80-gruppa + 40-gruppa for
dei disiplinære og 120-gruppa for dei tverrfaglige, skal utgjere
berekningsgrunnlaget for karaktergrensa,

Dette føreset at søkjarar med utanlandsk utdanning har ei utdanning
som kan samanliknast i struktur/innhald. Forslaget gjer ei eventuell
bedømming i forhold til opptak til Master vanskeleg. Sjå 2.2.5:
"....
og karakterene må vurderes i forhold til jevnbyrdighet med norske
karakterer". Ut frå dette omsynet ville 80 studiepoeng som
berekningsgrunnlag vere meir tenleg/enklare.


2) 2.4.1 Engelskkrav

Det bør være formelle engelskkrav til opptak til engelskspråkelege
program


2.3.1 Norskkrav

Det bør ikke gjevast fritak frå norskkravet for norskspråklege program


Elles sluttar Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi seg til
høyringsfråsegna frå fakultetet.”

          
V-SAK 6
Saksnr. 19/03
Sommarfesten 2003 – forslag til komité

Vedtak:

Fagstyret sluttar seg til forslaget og utnemner følgjande personar
til å sitje i arrangementskomiteen for instituttet si
sommaravslutning juni 2000: Astrid Skatvedt, Øivind Hetland, Åsmund
Røseid og Birgitte Bøgh-Olsen.

          
V-SAK 7 EVENTUELT

A.

Representanten Kjartan Lindøe ba om informasjon om reglane for
overgong frå Cand. polit. til Master. Studiekonsulenten viste til at
reglane for overgong er lagt ut på instituttet sine studiesider (sjå:
http://www.iss.uio.no/studier/sos/studiekons/studie.html)


Instituttet sitt vedtak om overgong frå Cand. polit. til Master:

” For å få tilkjent cand.polit.-graden må alle obligatoriske
eksamener unntatt påbygningskurset (18vt) være avlagt vårsemesteret
2003. De siste 2 vekttallene (6 studiepoeng) må være avlagt senest
våren 2004. Dersom du ikke har avlagt de 18vt som er obligatoriske
vil du bli overført til mastergradsordningen i sosiologi fra høsten
2003..”

          
Publisert 5. okt. 2010 10:14 - Sist endret 12. okt. 2023 16:41