Katrine Fangen intervjua om kvinner og høgrepopulisme
- Mange høgrepopulistiske parti har hatt kvinnelege leiarar lenge, så dette er ikkje heilt nytt. Men det kan absolutt vere eit strategisk val for å appellere meir til kvinner, som kan ha lettare for å identifisere seg med ein kvinneleg leiar. Dette er parti som tradisjonelt har hatt ei stor overvekt av mannlege veljarar, seier Fangen i intervjuet.

Professor ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi Katrine Fangen vert intervjua av Framtida den 6. september om kvinner og deira rolle i høgrepopulistiske politiske parti. Fangen fortel blant anna om korleis det kan vere strategiske val av høgrepopulistiske parti å ha kvinner i viktige posisjonar i håp om å trekke fleire kvinnelige veljarar og korleis argument om å forsvare kvinner og LHBT-folk vert brukt til å legitimere motstand mot Islam.
Les heile intervjuet.