Bestill ein forskar frå ESOP

Under Forskingsdagane har organisasjonar, bedrifter, etatar og skular moglegheita til å få eit gratis føredrag om eit samfunnsaktuelt tema med ein av ESOP sine forskarar. 

Lengde og innhald i føredraga kan tilpassast kvart enkelt besøk. Vel mellom følgjande tema:

  • "Ulikskap": korleis påverkar ulikskap den økonomiske utviklinga og korleis påverkar økonomisk ulikskap samfunnsutviklinga?
  • "Den nordiske modellen": kva er det som skil den nordiske samfunnsmodellen frå andre europeiske land?
  • "Migrasjon": kva er det som bestemmer dei globale migrasjonsstraumane og korleis påverkar dette lokale arbeidarar?
  • "Kva no, Europa?": kva konsekvensar har "Brexit" for dei økonomiske og politiske kreftene i Europa?
  • "Oljen i norsk økonomi": kva har oljen tydd for norsk økonomisk utvikling og korleis vil norsk økonomi sjå ut utan oljen i framtida?

Send oss ein e-post for å avtale tid: pressekontakt@econ.uio.no

Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival som i år varer frå 21. september til 2. oktober. Desse dagane vert det arrangert aktivitetar over heile landet for å skape merksemd, forståing og begeistring for forsking.

 

Publisert 4. juli 2016 09:41 - Sist endret 21. juni 2019 10:39