Det flokar seg til for Nikolai Astrup

Det flokar seg til for Nikolai Astrup når han ikkje skil mellom personleg inntekt og korleis inntekta vert brukt.

Innlegget er skrevet av Gaute Torsvik og Magne Mogstad, (University of Chicago). Det ble først publisert i Dagens næringsliv 9. september. 

Professor Gaute Torsvik
Gaute Torsvik
Foto: UiO
​​​​​

Nikolai Astrup svarar i DN 6. september på kritikken om at han leikar med ord i sin omtale av økonomisk ulikskap og skatt (vårt innlegg 3. september). Han gjentek mange av dei same resonnementa i svaret. Men me tok kanskje feil.

Det er ikkje sikkert Astrup leikar med ord, kanskje orda leikar med han.

Det som flokar seg til for Astrup, er at han ikkje skil mellom personleg inntekt og korleis inntekta vert brukt.

Kanskje eit døme hjelper:

  • Person A og B eig kvar si aksje som stig i verdi frå ti til 20 kroner på eitt år. A sel aksjen for å konsumera, B sparar og held på aksjen.
  • Meiner Astrup at A har ti kroner i inntekt før skatt, medan B ikkje har inntekt før skatt?
  • Slik skriv han, men det er feil. Både A og B har ei personleg inntekt (frå denne aksjen) på ti kroner før skatt.
  • Korleis dei nyttar den personlege inntekta, om dei konsumerer eller sparar, avgjer kor mykje skatt dei betalar, men inntekta før skatt er ti kroner for begge.

Økonomar brukar inntekt før skatt for å rekna ut kor stor del av den totale produksjonsverdien som går til kapital og arbeid, og for å rekna ut den reelle progressiviteten til eit skattesystem. Astrup nøyer seg med å gå inn i skattetabellane og sjekka at dei nominelle satsane aukar i inntekt og er høgare for dei som konsumerer av kapitalinntekter enn for dei som konsumerer av arbeidsinntekter.

Den reelle eller effektive skattesatsen, derimot, er den delen av inntekt før skatt som faktisk vert betalt i skatt. Den reelle progressiviteten til skattesystemet er avhengig om denne effektive skattesatsen aukar i inntekt. Det er denne utrekninga Aaberge, Modalsli og Vestad gjer i SSB-rapporten Astrup kritiserer.

SSB-rapporten diskuterer også ulike grunnar til at kapitalinntekter har lågare effektiv enn nominell skattesats. Det er difor misvisande når Astrup seier at «kapitalinntekter på personleg hånd» vert skattelagt med 46,7 prosent.

Det er berre om selskapsoverskott vert skatta fullt ut som allmenn inntekt og betalt ut som utbytte at den nominelle skattesatsen er relevant. Harding, Mogstad og Næss har vist korleis det er mogeleg å konsumera overskott som vert verande i selskapet utan å betale utbytteskatt (innlegg i DN 18. august).

Astrup bør opne opp for at fritaksmetoden ikkje berre er ei oppskrift for å sikra investeringar i framtidas teknologi, men er også ein regel dei med kapitalinntekter brukar for å redusera og utsetja inntektsskatt.

Her rører me ved viktige politiske avvegingar som bør diskuterast grunding. Astrups innlegg om inntekt og skatt er ingen god start på en opplyst debatt.

Publisert 13. sep. 2021 14:07 - Sist endret 7. okt. 2021 14:15