Disputas på Økonomisk institutt: Frikk Nesje

Den 23. juni disputerer Frikk Nesje med avhandlingen "Assessing Climate Change".

Bilde av Frikk Nesje

Sammendrag av avhandlingen

Forvalting av langsiktige ressursar krev avveging av ulike generasjonar sine interesser. Klimapolitikk må til dømes balansere kostnadar ved å kutte klimautslepp for noverande generasjon opp mot nytten eit stabilt klima gir framtidige generasjonar. Ettersom den beste mulige ressursbruken for samfunnet avhenger av vektene tilordna kvar generasjon, har slik talfesting blitt skildra som ei av dei viktigaste problemstillingane innan samfunnsøkonomien.

Frikk Nesje finn i avhandlinga «Assessing Climate Change» støtte for større vekt på framtidige generasjonar enn det som typisk er tilfelle i analyser av klimatiltak. Dette inkluderar analysar gjort av William Nordhaus. Nordhaus fekk i 2018 Nobelprisen i økonomi for sine analysar av klimaproblemet.

Kvifor er vekta på framtidige generasjonar så viktig? Følgande rekneøving viser kor sensitive analysar av klimatiltak er. Vekta på framtidige generasjonar er typisk representert ved ein rentesats. Still deg spørsmålet: Kor mykje er noverande generasjon villig til å ofre i dag for 1000 kroner mindre i klimaskade om 100 år (justert for prisstiging)? Nordhaus sin rentesats på 4,5 prosent inneberer villigheit til å gi opp 10 kroner i dag. Ein lågare rentesats, på til dømes 2 prosent, gir 150 kroner.

I analysar av den typen Nordhaus gjer, blir vektene på framtidige generasjonar utleia frå observert åtferd i marknaden, til dømes marknadsrenta (justert for prisstiging). Bakgrunnen for dette er påstaden om at observert åtferd viser kva noverande generasjon er villig til å ofre. I avhandlinga viser Nesje at denne påstanden ikkje stemmer: Marknaden viser ikkje kva noverande generasjon er villig til å gi opp for framtidige generasjonar. Rentesatsen som er i tråd med dette vil vere lågare enn marknadsrenta. Lågare renter inneberer høgare vekt på framtidige generasjonar.

Publisert 18. juni 2020 15:25 - Sist endret 22. juni 2020 08:32