Frisch- og Haavelmo-jubileum: Dei valde korte, lette studium og fekk Nobelprisen begge to

Det har gått 50 og 30 år sidan Universitetet i Oslo fekk sine Nobelprisar i økonomi. – Ragnar Frisch og Trygve Haavelmo la vesentlege delar av grunnlaget for moderne økonomisk teori og metode, seier økonomiprofessor Kalle Moene.

Bilde av Frisch og Haavelmo

Økonomiske ikoner: Trygve Haavelmo og Ragnar Frisch har gitt retning for økonomifaget nasjonalt og -  ikke minst - internasjonalt. 3. desember feires 50-  og 30- års jubileet for at begge fikk Nobelprisen i økonomi. 

Foto: UiO

På slutten av økonomiprofessor Trygve Haavelmo sin karriere, sat hans vitskapelege assistent Kalle Moene i førelesingssalen og tok notatar. Oppgåva var å skrive noko på grunnlag av det Haavelmo føreleste om, slik tradisjonen var den gongen.

I dag skildrar Moene Trygve Haavelmo som ein av dei viktigaste inspiratorane for ein heil generasjon av norske økonomar.

– Han forsøkte å lære oss at kompliserte ting kan framstillast på ein enkel måte viss ein verkeleg har forstått det. Han demonstrerte kor avgjerande matematiske modellar er. Samtidig insisterte han på at det viktigaste av alt er å ha ei god problemstilling, seier Moene, som no er professor ved Økonomisk institutt, Universitetet i Oslo.

Eit kort og lett studium

I 2019 feirar Universitetet i Oslo to prisvinnarar: Trygve Haavelmo fekk i 1989 Sveriges Riksbanks pris i økonomisk vitenskap til minne om Alfred Nobel. Ragnar Frisch fekk same pris i 1969. Dei to står som bautaer i økonomifagets historie, i Noreg og internasjonalt.

Men det var heilt tilfeldig at dei hamna der dei hamna.

Ragnar Frisch, fødd i 1895, var son av ein gullsmed og skulle arve forretninga, men mor hans oppmoda han til å studere ved sida av. Saman valde dei statsøkonomistudiet, det kortaste og lettaste studiet dei fann.

Ein del år seinare hadde Trygve Haavelmo, fødd i 1911, problem med å finne jobb. Studiar var alternativet. Helst ville han studere ingeniørfag eller språk, men av økonomiske grunnar valde også han eit kort studium.

Begge skulle gje avgjerande bidrag til korleis økonomifaget i dag ser ut kloden rundt. Dei skulle også samarbeide tett, men dei var heilt ulike typar.

I fronten av tidas trendar

Ifølgje økonomiprofessor Halvor Mehlum var Ragnar Frisch både ein entreprenør og eit akademisk geni. Mellom anna hadde han mykje av æra for at Økonomisk institutt ved Universitetet i Oslo vart oppretta allereie i 1932.

Bilde av Halvor Mehlum
Anegalleri: Halvor Mehlum tar gjerne en kaffe i kaffebaren Trygve med de to Nobelprsivinnerne i økonomi voktende over lokalet på veggen.(Foto:Silje Pileberg)

Då Frisch sjølv studerte statsøkonomi, var det nemleg eit toårig studium knytt til jussfaget ved Det Kongelige Frederiks Universitet, seinare Universitetet i Oslo.

– Ved å røske laus i strukturane på jussen og etablere sitt eige institutt, klarte Frisch å etablere faget med nye tankar og ny giv. Han var heilt i fronten av tidas globale trendar, som bruk av statistiske metodar og matematiske modellar, seier Mehlum.

Frisch braut med det nasjonale fokuset til juristane og flytta eigenhendig samfunnsøkonomien inn i den internasjonale akademiske fellesskapen.

Han var også initiativtakar til Econometric Society, den viktigaste internasjonale fagfelleorganisasjonen for økonomar, og organisasjonens tidsskrift Econometrica, framleis eit av verdas viktigaste økonomiske tidsskrift. 

– Han må ha hatt ekstreme intellektuelle evner og samtidig eit driv. 

Har æra for nasjonalrekneskapet

Frisch fekk Nobelprisen på grunn av sitt banebrytande arbeid med økonometrisk modellbygging, samt at han «konstruerte teoriar for stabiliseringspolitikk og langsiktig økonomisk planlegging» [omsett frå engelsk, red. anm.]. Han delte prisen med den nederlandske økonomen Jan Tinbergen.

Frisch var sentral i etableringa av faget økonometri, som er ein viktig reiskap for alle som jobbar med økonomiske prognosar. Økonometri brukast til å kartleggje kvantitative samanhengar i det økonomiske livet, for eksempel: Korleis vil bustadprisane endrast viss styringsrenta aukast med eitt prosentpoeng? Økonometri er dessutan avgjerande for å teste om teoriane har empirisk relevans.

Frisch var også pådrivar for etableringa av nasjonalrekneskapet og starta arbeidet i 1932, noko som var tidleg i forhold til andre land. Eit lands bruttonasjonalprodukt (BNP) er totalverdien av alle varer og tenester som produserast i eit land på eitt år.

– BNP er noko som verkar litt opplagt no, men det er ganske krevjande å definere. Dette var innovasjon av ypparste merke med fundamentale konsekvensar for all økonomisk politikk, seier Mehlum.

Leverte banebrytande doktorgrad som 33-åring.

Trygve Haavelmo var ein teoretikar som treivst best ilag med likesinna. Eit NRK-intervju like etter Nobel-annonseringa i 1989, viser ein eldre mann som gjer det han kan for å unngå journalistane utanfor heimen hans. Men han innrømmer:

«Eg måtte jo vere rar viss eg ikkje sette pris på om folk som er langt betre enn eg finn at eg kanskje har gjort noko som var riktig og mulegens brukbart?» 

Haavelmo var i starten ein av Frisch sine mange assistentar. Det var den einaste jobben han kunne få, uttalte han seinare i eit intervju. Frisch hadde rigga opp rekneutstyr etter dåtidas teknologi, og Haavelmo vart den suverene reknemeister.  

I 1939 reiste han til USA på forskingsopphald. Dette hadde også Frisch gjort, men på grunn av krigen vart Haavelmo der lenge. Det var i USA at han skreiv den vidgjetne doktoravhandlinga frå 1944: «The Probability Approach in Econometrics». Denne vart raskt grunnlag og inspirasjon for eit økonometrisk forskingsprogram ved leiande institusjonar.

Å finne svar når alt heng saman med alt  

Med avhandlinga gjorde Haavelmo det mogleg å bruke statistiske metodar til å talfeste samanhengar i eit innvikla økonomisk landskap. Eit døme er instrumentvariablar, som brukast til å finne årsakssamanhengar når eksperiment ikkje er mogleg.

Samfunnsøkonomien er nemleg eit system der folk, bedrifter og styresmakter heile tida påverkar kvarandre. Det er vanskeleg å finne ut kva som er årsaka til kva: til dømes om bustadprisane går ned på grunn av etterspurnadsendringar eller endringar på tilbodssida, som eit overskot av bustader. I andre eksempel er problemstillingane langt meir innfløkte, fordi så mange variablar er involverte.

Ifølgje Kalle Moene er Haavelmo sine metodar i dag så etablerte at unge økonomar ikkje veit kvar dei kjem frå.

– Alle bruker desse metodane, frå nord til sør, frå aust til vest, seier han.

«Eit meisterstykke»

Også seinare publikasjonar frå Haavelmo skulle bli viktige. Men eit sentralt trekk ved doktoravhandlinga var, ifølgje økonomiprofessor Olav Bjerkholt, at ho inneheldt så mykje. I eit foredrag i 1999 sa Bjerkholt at avhandlinga framleis ga impulsar til økonometrisk forsking.

Den amerikanske professoren John Aldrich kalla i 1989 avhandlinga «one of the masterpieces of twentieth century methodological writing in economics».

Var tette: Frisch og Haavelmo var tette og samarbeidet, forteller Kalle Moene. (Foto:UiO)

Moene påpeikar at Frisch var ein viktig inspirator for Haavelmo

– Det kan verke som dei to konkurrerte, men dei samarbeida. Arbeidet med Haavelmos doktoravhandling var eit resultat av at dei skulle utforske kvar sin metode for å løyse same problem. Frisch hadde mest tru på «probability approach», men han ga den jobben til Haavelmo.

Det var også Frisch som skaffa Haavelmo eit professorat ved Økonomisk institutt i 1947, og som slik fekk Haavelmo tilbake til Noreg.

Moene måtte lytte

Kalle Moene har aldri møtt Frisch, men Trygve Haavelmo møtte han mange gonger. Ofte kom Haavelmo rett frå skitur til førelesing. Så fortalde han om noko som hadde skjedd i skisporet, før han trekte parallellen til finansielle kriser og konjunktursyklusar.

– Han var avgjerande som inspirator. Han tok studentar og unge stipendiatar på alvor, let oss få prøve på eiga hand og melde tilbake om korleis han syntest det gjekk. Men han gjorde det på ein svært fin måte, fortel Moene.

Då Haavelmo var pensjonert, kom han av og til innom Moene sitt kontor for å slå av ein prat. Det var stort sett Haavelmo som snakka, gjerne i ein til to timar. Etterpå sa han: «Det var interessant å snakke med deg.»

Sjølv om Moene ikkje fekk sagt så mykje, er han ikkje i tvil:

– Ved sida av rettleiaren min Leif Johansen, som døydde altfor tidleg, var Haavelmo klart den viktigaste fagpersonen eg møtte som ung stipendiat.

 

Skriftleg kjelde:

«Ragnar Frisch og Trygve Haavelmo. To internasjonale giganter i norsk samfunnsvitenskap.» Foredrag ved Olav Bjerkholt, 1999

Av Silje Pileberg
Publisert 26. nov. 2019 15:20 - Sist endret 27. nov. 2019 11:39