Tsipras kan lukkast med mykje

- Alexis Tsipras og Syriza kan lukkast med mykje. Til skilnad frå dei gamle partia skuldar dei ikkje nokon av Hellas' mange mektige noko, seier Asimina Michailidou.

Syriza skal berre stå til ansvar for veljarane som har sendt dei til regjeringskontora, forklarar Asimina Michailidou til Vårt Land.

- I denne valkampen har vi sett at mange veljarar har «tenkt sjølve». Trass i skeiv mediedekning i favør av dei gamle partia, har folk lete vere å lytte på bodskapane frå dei gamle media, fortel Michailidou. Nytt av året var fleire uavhengige nettaviser som ikkje favoriserte dei gamle partia.

- Dersom folket ser at han får dei som har mykje til å yte meir til dei som har lite, altså betale meir i skatt, vil han ha folket i ryggen, seier ho.

Les hele saken her (pdf - kun for UiO-ansatte)

Publisert 2. feb. 2015 10:02 - Sist endret 26. mai 2017 16:26