Grunnlova underminert av Noregs forhold til EU

Noreg har redusert sjølvstendet og tapt medverknad i EU, seier Erik Oddvar Eriksen og John Erik Fossum i eit intervju med forskningsmagasinet Apollon.

Grunnlova er tema for Apollon si første utgåve i 2014, som blant anna inneheld ei sak om grunnlovsprosjektet på ARENA

Noregs forhold til EU underminerer Grunnlova som basis for demokratiet. «I forholdet til EU vender Noreg tilbake til praksisen frå tida før Grunnlova blei demokratisk», seier John Erik Fossum og Erik Oddvar Eriksen ved ARENA. «Grunnlova frå 1814 var sett i høve til den tids ståstad politisk radikal. Frå vår ståstad i dag var ho udemokratisk, fordi ho ikkje gav folk allmenn stemmerett.»

Dei har fått pengar frå grunnlovsprosjektet til Noregs forskingsråd til å forska på kva den europeiske integrasjonsprosessen gjer med Grunnlova og demokratiet.

«I dag drar norske politikarar til Brussel og forhandlar med EU-institusjonane om innføring av nye lover og reglar, utan at det norske folk har representasjon i EU-parlamentet og heller ikkje stemmerett i EU. Noreg må difor innføra lover som det norske folket ikkje har innverknad på gjennom sine politiske representantar, slik EU-landa har.»

Fossum peikar på at Noreg heile tida er på utkik etter surrogatrepresentasjon i EUs organ. I mange år trudde Noreg og norske diplomatar at den rolla ville gå til dei andre nordiske landa, Danmark, Sverige og Finland. Realiteten har vist noko anna. «Faktisk er det Tyskland som oftast har målbore Noregs syn inn i EUs politiske institusjonar. Nettopp difor var det viktig for statsminister Erna Solberg å leggja det første utanlandsbesøket sitt til Tyskland.»

Les heile intervjuet her (pdf - kun for UiO ansatte)

Har redusert sjølvstendet og tapt medverknad i EU, Apollon, 1/2014

Publisert 3. feb. 2014 10:06 - Sist endret 25. mars 2014 11:49