English version of this page

Havvindprosjekt vart skrinlagde då oljeprisen gjekk opp

Erfaring frå olje- og gassnæringa gjev Noreg eit fortrinn i utviklinga av vindkraft til havs. Men næringa har også gjort det vanskeleg å få kontinuitet i havvindprosjekta, ifølgje ein ny doktorgrad.

Havvindmøllepark.

Havvindmøllepark på Samsø. Foto: Pål Christensen/Stavanger Aftenblad.

Ei lang kystlinje, store havområde og lang erfaring frå næringar til havs kan gjere Noreg godt rusta til å utvikle havvindteknologi. Men funn i ein ny doktorgrad tydar på at erfaringar frå slike næringar også har medverka til å bremse ei norsk fornybarsatsing.

Doktorgradsstipendiat Håkon Endresen Normann ved TIK Senter for teknologi, innovasjon og kultur har undersøkt den norske havvindindustrien gjennom ei årrekkje.

- Dei fleste bedriftene som jobbar med havvind, bruker utstyr og kompetanse utvikla for olje- og gassnæringa. Dette gjev dei eit fortrinn, men vi ser også at bedriftene til dels har blitt motiverte av dårlege tider innan olje og gass. Når tidene har blitt betre, har havvindprosjekta blitt lagde bort, seier Normann.

Stor optimisme

Den nasjonale energistrategien Energi 21 blei oppretta i 2007 og har trekt fram vindparkar til havs som ein av næringane Noreg skal satse på. Sidan det norske kraftbehovet for ein stor del er dekka av vasskraft, har strategien lagt vekt på at leverandørindustrien skal rette seg mot den internasjonale marknaden for havvind.

Det same har blitt gjentatt frå politisk hald seinare, mellom anna la energimeldinga frå 2016 vekt på at havvind-leverandørar skal tenkje internasjonalt.

I 2008-2010 var det stor optimisme rundt norsk havvindsatsing. Finanskrisa gjorde at leverandørbedrifter såg seg om etter nye mulegheiter, og havvind skulle bli det nye industrieventyret.

Slik vart det ikkje. Ifølgje ein rapport frå konsulentselskapet Make Consulting har norske leverandørar berre teke fem prosent eller mindre av leveransane til havvind-marknaden sidan 2010.

Oppturen som vart nedtur

I doktorgraden peikar Normann på fleire mulege forklaringar på den mislykka satsinga. Ei av desse er at det store fallet i oljeprisen i 2009 vart følgt av ein opptur to år seinare.

- I 2009 var det permitteringar og usikre tider i olje- og gassnæringa. Mange leverandørbedrifter måtte sjå seg om etter andre måtar å tene pengar på, og fleire begynte å utvikle teknologi til havvind, seier han.

Men Noreg tolte finanskrisa betre enn venta, og oljenæringa henta seg inn att. I 2011 hadde oljeprisen stabilisert seg på eit høgt nivå. På norsk sokkel vart det gjort store funn i 2010 og 2011, som mellom anna resulterte i Johan Sverdrup, det største utvinningsprosjektet i Noreg i dag. 2013 og 2014 vart toppår på norsk sokkel.

- Så snart det dukka opp lukrative mulegheiter i olje- og gassnæringa forsvann mykje av interessa for å kapre ein del av leverandørmarknaden til havvind, seier Normann.

Også den politiske viljen til havvindsatsing vart svekka då industrien ikkje lenger trong hjelp.

- Skal ein etablere seg i ein ny marknad, krev det heilhjarta innsats over tid, spesielt når marknaden er i utlandet. Dette er avhengig av ein langsiktig politikk, og det har vi ikkje hatt i Noreg.

Tett kopling mellom havvind og olje

At leverandørar til havvind og olje- og gassektoren til dels overlappar, har Normann dokumentert i avhandlinga. I telefonintervju med 102 norske leverandørbedrifter viste det seg at få jobbar med havvind åleine. 40 prosent av bedriftene hadde sin primære aktivitet innan olje og gass eller maritim sektor.

Heile 80 prosent svarte at havvindaktiviteten baserer seg på erfaringar eller teknologi frå andre næringar, først og fremst olje- og gassnæringa og maritim sektor. Nokre var oppstartsbedrifter som henta inn teknologi frå desse næringane, andre hadde primæraktiviteten sin der.

- Mange bedrifter har nok undervurdert utfordringane med å tilpasse seg ei anna næring. Leverandørindustrien har eit høgt kostnadsnivå og er ikkje vant til å presse kostnadene, slik ein må i havvind. Det har vore utfordrande for norske bedrifter å gå frå kontraktar i olje- og gassnæringa til kontraktar innan havvind.

I intervjua sa mange bedrifter også at det er vanskeleg å få kontraktar utan ein heimemarknad.

- Dei må rett ut til ein internasjonal marknad, og dette er spesielt krevjande for småbedrifter. Havvind er ein kapitalkrevjande industri der testing og verifisering er veldig viktig. Dette kostar pengar, og det kan vere vanskeleg å finne investorar som vil vere med å finansiere slik testing, seier Normann.

Låg politisk vilje

Samanlikna med landbasert vind og solenergi, er havvind ein umogen industri. Internasjonalt har Tyskland og Storbritannia leia an, med nasjonale støtteordningar i ryggen. Sakte men sikkert har prosjekta vakse.

Normann meiner at Noreg har gode føresetnader for å utvikle havvind. Vi har hav, kyst, vind, djupe hamner, teknologi, båtar og kompetanse. Men det finst også faktorar som minskar motivasjonen.

- For Noreg er det få utsleppskutt å vinne på havvind, sidan vi har nesten 100 prosent vasskraft i utgangspunktet. I Tyskland er mykje av kraftsystemet basert på fossile energikjelder og den politiske motivasjonen er dermed større, seier han.

Ifølgje strategien Energi 21 er både havvind og karbonfangst og -lagring (CCS) viktige satsingsområde for Noreg. Det er likevel eit merkbart skilje mellom dei to industriane, ifølgje stipendiaten.

- Medan CCS støttar opp under fortsatt aktivitet i olje og gass, er havvind tettare kopla til ei nedbygging. Politisk blir havvind dermed vanskelegare å støtte, seier Håkon Endresen Normann.

 

Av Silje Pileberg
Publisert 17. feb. 2017 10:56 - Sist endret 8. feb. 2024 15:41