Til botnen i norsk kvalfangsthistorie

Nordmenn var ikkje dei første i Europa som dreiv kvalfangst. Derimot vart vi lærte opp av baskarane, skriv antropologen Arne Kalland. I ei ny bok, "hval og hvalfangst på vestlandet fra 1600-1910", har han samla historia om norsk småkvalfangst.

Det var ikke uvanlig at man ved besøk av fornemme gjester og andre reisende lot hval ligge uspekket slik at turistene fikk mulighet til beundre den. Foto: fotoarkiv@perspektivet.no Some rights reserved

Då professor i sosialantropologi Arne Kalland døydde i 2012, etterlét han seg eit nesten ferdig manuskript om hval og hvalfangst på vestlandet fra 1600-1910. No har manuskriptet blitt fullført og eit grundig stykke historiearbeid kan lanserast.

Ein av påstandane Kalland lanserer, er at nordmenn slett ikkje var dei første i Europa til å drive målretta kvalfangst. Det har blitt hevda at nordmennene lærte opp baskarane, men Kalland meiner at dette er misforstått. Med truverdig kjeldedokumentasjon hevdar han at det var baskarane som lærte opp nordmennene.

– Det var typisk Arne Kalland å slå hol på myten om at nordmenn er best overalt, og i staden foreslå at vi kanskje vart opplærte av andre, seier Harald Beyer Broch, som i fleire år var Kallands kollega ved Sosialantropologisk institutt.

Han meiner boka tilfører fleire interessante kulturhistoriske perspektiv.

Gjekk imot straumen

Arne Kalland. Foto: Mattis Sandblad

Kalland var ein mann som gjekk imot straumen. Han starta sitt første forskingsprosjekt på norsk kvalfangst tidleg på 1990-talet, då det var boikott av fangsten. Broch var sjølv med på prosjektet, der dei reiste til Lofoten på feltarbeid saman med åtte andre.

– I dei nasjonale debattane vart det sagt at ein berre kunne halde opp med kvalfangsten, fordi han ikkje betydde noko for norsk økonomi. Arne Kalland spurte seg i staden kva kvalfangsten betydde for lokalsamfunn. Vi fann at han var svært viktig i mange av dei. Eg trur han meinte at mykje politikk overkøyrer folk i distrikta og at små menneske blir borte bak store ønske, seier Broch.

I arbeidet med boka fordjupa Kalland seg i manuskript, rettsprotokollar, forskingsarbeid og tingbøker. Han las også tusenvis av gamle aviser. Resultatet er ein grundig gjennomgang av dei ulike typane småkvalfangst langs kysten av Noreg. Også dei oppfatningane og kunnskapane om kval som har regjert, både i norske lokalsamfunn og i andre miljø, blir skildra.

Kunne vere ein byrde

Arne Kalland deler kvalfangsten inn i tre hovudtypar: Den eine er jakt med pil og boge på vågekval i fjordar og vågar. Den andre er jag av små tannkvalar inn i viker som vart stengde med nøter, før tannkvalane vart harpunerte. Den tredje typen er utnytting av rekkval – altså kval som stranda eller vart funne drivande i sjøen.

I alle tilfella hadde fangsten ein sporadisk karakter, noko som skilde han frå den kommersielle eller industrielle ishavsfangsten. Kvalen var ein velkomen ressurs når anledninga baud seg, men ikkje noko som fiskarbøndene langs kysten førebudde seg på å fange.

I boka viser Kalland også at sosiale strukturar betydde mykje for kvalfangsten.

– Ofte hadde store gardar rettar til kvalane som gjekk inn i vågane. Då var det gjerne ikkje storbonden sjølv som var ute og jobba, men husmannsfolka hans. Det var ei plikt for dei, og det kunne opplevast som ei byrde. Det var mykje arbeid med å fange kvalen, dra han på land, flense han og ordne med kjøtet, seier Broch.

Det kunne også vere tre-fire kvalar inne i vågen samtidig. Då vart arbeidet svært tidkrevjande.

– Kalland hintar om at kanskje plikta til å ta del i kvalslakta vart tyngre å bere for mange småkårsfolk enn utbyttet dei fekk av retten til kjøt, seier Broch.

Grotesk underhaldning

Ei av dei første historiene i boka er ei nokså grotesk skildring av vågekvalfangsten i Bergen. Italienaren Francesco Negri var i 1664-65 på reise langs Norskekysten, og ein av dei lokale fortalde han at ein brukte å sperre kvalar inne i fjorden med garn. Så begynte ein å skyte etter kvalen med piler. Kvalen dukka under, men måtte opp for å puste, og då heldt «leiken» – som kunne vare i fem-seks dagar – fram. Etter kvart tapte kvalen kreftene. Då gjekk folk nærare innpå og begynte å skjere små kjøtstykke av han, som dei laga til og åt.

Arne Kalland var ingen lettlurt mann. Han skriv at han har vanskeleg for å tru at folk heldt eit festmåltid på eit dyr som enno levde; «trolig har vennen fortalt Negri en god skrøne». Men dette er den første skildringa av vågekvalfangsten utanfor Bergen, og ho har mange fellestrekk med seinare skildringar. At kvalen vart sperra inne i fjordane eller vågane og at jakta kunne ha stor underhaldningsverdi blant dei lokale, er det liten tvil om.

Men folkefesten hadde også ein bismak. Ikkje alle var like glade for det dei såg. Kalland refererer mellom anna eit lesarbrev til Bergens Tidende i 1885, der skribenten klagar over den inhumane avlivinga av spekkhoggarar ved Bildøyna.

Damskipet og kvalbåten «Nancy Grey» med hvalfangst langs båtsiden. Foto: fotoarkiv@perspektivet.no Some rights reserved

Har vist veg for andre

– Det er ingen andre som kunne ha skrive denne boka. Ho speglar ei interesse Kalland har hatt og snakka om i iallfall femten år. Han gløda når han heldt på med dette, seier Harald Beyer Broch.

Arne Kalland hadde ei funksjonshemming og mista gradvis evna til å bruke beina. Dette hindra han i å reise på feltarbeid den siste delen av livet sitt. Han valde derfor å bruke skriftlege kjelder, noko han gjorde til gagns, ifølgje Broch.

– Han fann ei nisje der han var suveren. Kalland er nok den av norske antropologar som har fått mest ut av historisk kjeldemateriale. Slik har han vist veg for andre

Av Silje Pileberg
Publisert 26. jan. 2015 10:35 - Sist endret 22. juni 2016 13:11