print logo

Foreslå kandidatar til Karl Evang-prisen 2012

Frist for å sende inn framlegg om kandidatar er 24. august 2012.

Bilde
Foto: Rigmor Dahl Delphin fra Wikimedia Commons
  • Prisen er på kr. 50 000.

Karl Evang-prisen vart oppretta som ein honnør til den tidlegare helsedirektøren for hans sosialmedisinske pionerinnsats. Målet med prisen er å stimulere interessa og arbeidet for barnevern, folkehelse og sosiale forhold.

Karl Evang-prisen for 2012 skal gå til ein person eller organisasjon som har gjort ein særleg innsats for å fremje

  • folkehelsa og sosiale forhold som er viktig for denne

  • rettstryggleik og tryggleik i barnevernet, helse- og/eller sosialtenesta

  • opplysingsarbeid og medverknad i samfunnsdebatten om viktige barnevern-, helse- eller sosialpolitiske spørsmål

Det er ingen føresetnad at vedkommande person eller organisasjon er knytt til barnevernet eller helse- og sosialtenesta. Det vert lagt vekt på at innsatsen er aktuell, men innsats over tid vil óg bli vurdert.

Prisen blir delt ut i samband med Helsetilsynet sitt årlege Karl Evang-seminar torsdag 18.oktober.

Komiteen som vel prisvinnar består av:

  • professor Aslak Syse, Institutt for offentlig rett, Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo (leiar)

  • journalist Marie Rein Bore, Stavanger Aftenblad

  • professor Steinar Westin, Institutt for samfunnsmedisin, Det medisinske fakultet, NTNU, Trondheim

  • høgskolelektor Elisabeth Brodtkorb, Diakonhjemmet Høgskole, Oslo

  • seniorrådgjevar Sidsel Platou Aarseth (sekretær), Statens helsetilsyn.

Skriftleg søknad/framlegg med grunngjeving kan sendast av kandidaten eller andre personar og organisasjonar til: evangprisen@helsetilsynet.no

eller til:

Statens helsetilsyn
Postboks 8128 Dep
0032 Oslo

Publisert 19. jun. 2012 09:30