Protokoll fra møte i ...

Møtet ble satt 08. mars 2000, kl. 14.15, Rom 725 ESH, og hevet kl. 16.00.

Tilstades: Lise Kjølsrød (styrar), Hege Knutsen (visestyrar), Terje Wessel, Arne Mastekaasa, Dag Album, Ole Jørgen Skog, Lars Mjøset (vara), Susan Powers, Victoria Einagel, Camilla Arveschoug, Ragnhild Fugletveit, Siri Willumsen, Gudleik Grimstad (ref), Manne Olsen (observatør SAK 17/2000 og 18/2000).

Forfall: Tove Thagaard , Tone Schou Wetlesen, Arnlaug Leira, Thomas Sandvik.

SAK 1
Saksnr. 15/2000
Godkjenning av protokoll frå instituttstyremøtet 9. februar 2000 og innkalling til instituttstyremøtet 8. mars 2000

Godkjenning av protokoll frå instituttstyremøtet 9. februar 2000 og innkalling til instituttstyremøtet 8. mars 2000. Eventuell inhabilitet i høve til saker som skal handsamast i møtet.

Einagel deltok ikkje under SAK 20/2000.

          

Orienteringssaker

O-SAK 1
Saksnr. 16/2000 A
Personalsituasjonen

Styret tek orienteringa til etterretning.

          

Ordinære saker

V-SAK 1
Saksnr. 17/2000
Rekneskap for 1999

Vedtak:
Instituttstyret godkjenner rekneskapen for 1999 med dei merknader som kom fram i møtet.

          
V-SAK 2
Saksnr. 18/2000
Forslag til budsjett for 2000

Vedtak:
Instituttstyret godkjenner forslaget til budsjett for 2000, med dei merknader som kom fram i møtet, og gjev kontorsjefen ullmakt
til å disponere tilgjengeleg midlar innanfor rammene av vedteken disponering.

I budsjettet er det lagt opp til følgjande udisponerte midlar:

  • Administrasjon og fellesbudsjett 386 746 kroner
  • Sosiologi 46 011 kroner
  • Samfunnsgeografi 7 896 kroner

SUM udisponert 440 653 kroner.

Budsjett- og rekneskap for Program for Osloforsking vert handsama i møte 9. mars 2000. Budsjettet vert lagt fram for styret til orientering i instituttstyremøtet 31. mai 2000.

          
V-SAK 3
Saksnr. 19/2000
Forslag til årsplan for 2000

Vedtak:
Instituttstyret godkjenner forslaget til årsplan for 2000. Styret ber om at forslaget til årsplan for 2001 vert lagt fram til endeleg godkjenning i første styremøte på nyåret (2001).

          
V-SAK 4
Saksnr. 20/2000
Søknad om fullføringsstipend for stipendiat i samfunnsgeografi, st. nr. 190716

Vedtak:
Med bakgrunn i den gunstige økonomiske situasjonen for samfunnsgeografi i 2000 innstiller instituttstyret Victoria I. Einagel til totalt 8 månader sluttføringsstipend (6 månader ordinært avslutningsstipend + to månader ekstraordinært) for perioden 1.6.00 til og med 31.1.01, utan pliktarbeid, for å ferdigstille doktorgradsavhandling i samfunnsgeografi.

Saka vert sendt fakultetet for vidare handsaming.

          
V-SAK 5
Saksnr. 21/2000
Søknad om fullføringsstipend for stipendiat i samfunnsgeografi, st. nr. 104691

Vedtak:
Med bakgrunn i den gunstige økonomiske situasjonen for samfunnsgeografi i 2000 innstiller instituttstyret Inger J. Birkeland til 6 månader sluttføringsstipend for perioden 19.7.00 til og med 18.1.01, utan pliktarbeid, for å ferdigstille doktorgradsavhandling i samfunnsgeografi.

Saka vert sendt fakultetet for vidare handsaming.

          
V-SAK 6
Saksnr. 22/2000
Kunngjering av to stipendiatstillingar i samfunnsgeografi

Vedtak:
Instituttstyret sluttar seg til forslaget til kunngjeringstekst med dei endringsforslag som kom fram i møtet, og med atterhald om at fakultetet refordelerer sstipendiatstilling over kapittel 0281 til samfunnsgeografi.

Saka vert sendt fakultetet for vidare handsaming.

          
V-SAK 7
Saksnr. 23/2000 A
Eventuelt

Adresseavisen, Aftenposten, Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad står bak ei undersøkjing der 3800 studentar er spurte om kva dei tykkjer om norske universitet og høgskular. Ansvarlig for gjennomføringa var Norsk Gallup og Norsk institutt for studier av forskning og utdanning (NIFU). Studentane vart bedne om å gje karakter til kvaliteteten på forelesningar, service, lokalar, sosialt miljø, busituasjon, treningsmoglegheiter m.m. Resultata av undersøkjinga er publiserte i eit eige bilag til Aftenposten av i dag (8. mars &endash;00). Faget sosiologi får brei omtale.

Resultata av for den enkelte studiestaden kan også lesast her:
http://www.studmag.com/

          
Publisert 27. sep. 2010 09:46 - Sist endret 12. jan. 2015 11:22